Élisabeth Vigée-Lebrun: «Sjølvportrett», National Trust i Ickworth.
0–6 rette: Lett snipping, utan at det er naudsynt å pakke snippeska.
7–9 rette: Høyrer moglegvis til i snippeproletariatet.
10–15 rette: Flott innsats! Ingen grunn til å ikkje løyse på snippen.
16–20 rette: For eit eventyr – snipp, snapp, snute. Gratulerer!
21 rette: Full pott! Quizmeisteren vert djupt såra og snippen om de ikkje seier ifrå.

1. Det heiter ikkje: Kviterussland – no lenger. Heretter heiter det – ja, kva då?
2. Mange kjende nok att Halldis Moren Vesaas. Kva for eit pronomen skal inn til slutt: «Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: […].»?
3. Du set på kaffitraktaren og tek ein kopp så snart det er nok, altså lenge før traktinga er slutt. Vil kaffien i koppen då vere sterkare, like sterk eller svakare?
4. Kva anna avis gjev namn til idrettsprisen som lenge heitte Morgenbladets gullmedalje?
5. Han vart påvist hos menneske fyrste gong i 1970 i Kongo-Kinshasa. I 2022 har me også fått norske tilfelle. Kva heiter virussjukdommen?
6. Kva for fire fargar er det i flagget til Palestina?
7. Forbrytaren Billy the Kid rakk knapt å verte vaksen. Sei eitt år han levde.
8. Kva i planteriket søkjer ofte å lande på det som heiter eit arr? Eitt ord held som svar.
9. Kva tittel med familieassosiasjonar har den truleg mest kjende songen til countrystjerna Loretta Lynn? Me kjenner att tittelen i fleire relaterte verk, til dømes ein sjølvbiografi.
10. Dei fleste vikingtokta skjedde i kva årstid?
11. Kva butikkjede innanfor interiør og heimetekstil vart grunnlagd i 1957, har eit kongeleg namn og rundt 150 butikkar i Noreg?
12. Me held oss i det kongelege og spør: Kunstmålaren Élisabeth Vigée-Lebrun (1755–1842) er mest kjend for mange portrett av kva enkeltperson?
13. Då Jesus vart døypt, fortel Bibelen at himmelen opna seg. Den heilage ande kom dalande ned i form av kva slags fugl?
14. Dette importordet viser til ein kresen kjennar, til dømes av mat, og kjem frå tysk for «finsmakar».
15. Han er fødd i 1974 og har regissert ikkje berre éin, men to filmar som har vunne sjølvaste Gullpalmen: The Square frå 2017 og Triangle of Sadness frå 2022. Kva heiter denne svensken?
16. Finst det norske fossar med totalt fall på over 500 meter?
17. Den amerikanske sosiologen Robert K. Merton introduserte fleire omgrep. Eit av dei viser til ein person som er eit eksempel til etterfølging. Kva er ordet?
18. Kor mange gonger vart Michael Schumacher verdsmeister i formel 1? Dette vart tangert i 2020 av Lewis Hamilton.
19. Kva for eit instrument i symfoniorkesteret vert stundom berre kalla horn?
20. Kva del av astronomien handlar om dei fysiske og kjemiske eigenskapane til materien i universet?
21. Til slutt ei tankenøtt: Leiaren av Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget gøymer seg bak initialane T.W.T. Kven er det?
1. Belarus
2. Vi (Diktet er «Tung tids tale».)
3. Sterkare (Det amerikanske magasinet Cook’s Illustrated har målt at dei fyrste dropane er meir enn åtte gonger så konsentrerte som dei siste.)
4. Aftenposten
5. Apekoppar
6. Raud, svart, kvit og grøn
7. Eit år i tidsrommet 1859–1881 (Somme vil rett nok dytte fødselsåret fram til 1860 eller 1861, men me lèt tvilen komme lesarane til gode.)
8. Pollen (eller blomsterstøv, om du vil)
9. «Coal Miner’s Daughter»
10. Sommaren
11. Princess
12. Dronning Marie Antoinette av Frankrike
13. Ei due
14. Feinschmecker
15. Ruben Östlund
16. Ja
17. Rollemodell
18. Sju
19. Valthorn
20. Astrofysikk
21. Tone Wilhelmsen Trøen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?