JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizMemoarar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Wikipedia

Foto: Wikipedia

3350
20220701

0–6 rette: Lett snipping, utan at det er naudsynt å pakke snippeska.

7–9 rette: Høyrer moglegvis til i snippeproletariatet.

10–15 rette: Flott innsats! Ingen grunn til å ikkje løyse på snippen.

16–20 rette: For eit eventyr – snipp, snapp, snute. Gratulerer!

21 rette: Full pott! Quizmeisteren vert djupt såra og snippen om de ikkje seier ifrå.

1. Kva kan vere eit ord for ulike hylser eller behaldarar, eit ord som tyder til dømes godseigar eller vernar og ikkje minst namnet på ein mine- og bombehund som har vorte nasjonalhelt i Ukraina?

2. Kva farge er det på ubåten som The Beatles song om?

3. Kva har lenge vore det mest vitja landet i verda? Tal frå 2019 syner ein viss margin ned til Spania på andreplass og USA på tredjeplass.

4. Etter 36 år kom Bislett Games 2022, der Ingrid Kristiansen måtte gje frå seg noregsrekorden på 5000 meter for kvinner. Kva løpar frå Isfjorden slo rekorden?

5. Den nemnde Isfjorden ligg i kva kommuneR?

6. Julian Assange er kjend for å ha grunnlagd kva nettstad i 2006?

7. Kva for ein av tigerøkonomiane Sør-Korea, Taiwan, Hongkong og Singapore er minst i areal og har tilnærma identisk innbyggjartal med Noreg?

8. Tenk deg eit utfallsrom der kvart moglege utfall har nær 14,3 prosent sannsyn for å inntreffe. Kor mange moglege utfall er det?

9. Han drukna i 1979 under ein symjetur i Bertioga i Brasil. Utan falske papir kunne livet fort ha vore slutt alt i 1945. Kva berykta person er det tale om?

10. I 1875 hadde Georges Bizets mest kjende opera premiere. Kva opera?

11. Ein tømmerstokk stikk ut over elva på tvers av straumen og har mange ruser som går ned i vatnet. Bruksområdet var lagasildfiske, ikkje minst i Mjøsa. Kva heiter denne reiskapen? Ordet kan høyrast ut som eit sitjemøbel.

12. Høyrer lagasild til sildefamilien?

13. På kva for eit fotballklubblag var Olav Nilsen, Sigbjørn Slinning og Svein Kvia blant heltane i 1970-åra?

14. Kva for eit anna språk er det afrikaans stammar frå og er særs likt?

15. Kva slags kreft tok 601 liv i Noreg i 2021: 591 kvinner og 10 menn?

16. Nemn eitt leveår for Guru Nanak, grunnleggjaren av sikhismen.

17. Kva spesifikt symbol har Norges Husflidslag i logoen sin?

18. Ved utdelinga i 2004 gjekk Oscar-prisen for beste film til ein oppfylgjar som runda av ein trilogi. Eg vil ha filmens tittel og undertittel.

19. Anna Rogstad vart vår fyrste kvinnelege stortingsrepresentant som vara for Jens Bratlie frå Høgre. Kva var partiet hennar, som hadde valsamarbeid med Høgre?

20. Er Köln-domen 57 meter, 157 meter eller 257 meter høg?

21. Til slutt ei tankenøtt: Jan Inge Sørbø er aktuell med Fire store, om fire avdøde forfattarar som «ikkje har fått plassen dei fortener». Alle er kvinner, nynorskingar og med rural bakgrunn i kvart sitt fylke. Initialane er H.G., G.H., A.V. og M.T. Identifiser to av dei.

1. Patron

2. Gul

3. Frankrike

4. Karoline Bjerkeli Grøvdal

5. Rauma kommune

6. WikiLeaks

7. Singapore

8. Sju

9. Josef Mengele

10. Carmen

11. Mælkrakk

12. Nei (Han høyrer til laksefamilien.)

13. Viking

14. Nederlandsk

15. Brystkreft

16. Eit år i tidsrommet 1469–1539

17. Selburose (Her finst det likeverdige svar, til dømes åttebladrose.)

18. Ringenes herre: Atter en konge

19. Frisinna Venstre

20. 157 meter

21. To av Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam (Gro Holm skreiv på både nynorsk og bokmål.)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis