16. I kva år som sluttar på 6, gav Unni Lindell ut Slangebæreren? Dette er den fyrste kriminalromanen om Cato Isaksen.
Foto: Heiko Junge / NTB
0–6 rette: Skal du delta på NM i quiz, bør du nok ha fleire rette enn dette.
7–9 rette: Du kan fint stille i noregsmeisterskapen og få ei hyggeleg oppleving.
10–15 rette: Ja, her er det berre å melde seg på NM! Sjå norgesquizforbund.no.
16–20 rette: Klarte du dette åleine? Då er du fort i toppsjiktet på quiz-NM.
21 rette: Quizmeisteren er sjølv NM-arrangør i år. Me sest i Oslo i september!

1. Den åttande månaden i året er kalla opp etter den fyrste romerske keisaren. Kva keisar?
2. Den polske nobelprisvinnaren Henryk Sienkiewicz skreiv romanen Quo vadis?, om romerske kristenforfølgingar. Kva tyder den latinske tittelen?
3. Kva for lyng er det lynghonning særleg er samla frå?
4. Då Jakob Ingebrigtsen vann VM-gull på 5000 meter i 2022, var det åtte finalistar som sprang for afrikanske land. Kva for tre store løparnasjonar kom desse frå?
5. I år gjekk den fyrste utgåva av Tour de France Femmes. Kor mange etappar fekk kvinnene sykle? Dette var 13 færre enn i herrerittet.
6. Kva hovudgrein av kristendommen er det dominerande livssynet i Mexico?
7. Ei typisk oppgåve for ein dor er å få ein viss gjenstand til å komme heilt på plass. Kva gjenstand?
8. Er dorisk stil den enklaste eller den mest detaljerte av dei tre greske søyleordenane i klassisk arkitektur?
9. Kva for ei Fanny (1805–1847) var komponist og sparringpartnar for broren, som fekk meir merksemd enn ho sjølv?
10. Set byane Brumunddal, Hamar og Moelv i rekkjefylgje sørover langs austsida av Mjøsa.
11. Kor mange virvlar utgjer ryggsøyla hos dei fleste vaksne, dersom me ikkje tel med krossbeinet og halebeinet? Dei sistnemnde er samanvaksne virvlar. Svaret er eit partal.
12. I 1984 vart Annen Etage den fyrste norske restauranten som fekk ei stjerne i Michelinguiden. Han ligg i kva kjent hotell i Oslo?
13. Kva er tittelen på Hitchcock-filmen frå 1956 der Doris Day song «Que Sera, Sera»?
14. Kva farge har pelsen på hunderasen bichon frisé?
15. I Sirdal i Agder finn me Noregs største vasskraftverk målt i produksjonsmengd. Kva heiter det?
16. I kva år som sluttar på 6, gav Unni Lindell ut Slangebæreren? Dette er den fyrste kriminalromanen om Cato Isaksen.
17. Kva tittel hadde dei åtte personane som har gravminne i Potalapalasset?
18. I 2022 sette Polen i hui og hast opp eit stålgjerde mot Belarus, det vil seie i kva for ei av dei fire himmelretningane?
19. Kva viktig språkforskar, skulemann, mediemann og Venstre-politikar vart i 1899 vår fyrste professor i landsmål? Han levde og verka lenge i Trøndelag.
20. Kva heiter talet eller verdien som er resultatet av ein multiplikasjon?
21. Ole Ivars har meldt om avskilsturné. Kva for to rimord skal inn her: «Og så du som var tynn som ei (…)/ Nå har du blitt feit som en (…)»?
FASIT
1. Augustus
2. «Kvar går du?»
3. Røsslyng
4. Kenya, Uganda og Etiopia
5. Åtte
6. Katolisismen
7. Ein spikar
8. Den enklaste
9. Fanny Mendelssohn (Broren er Felix Mendelssohn.)
10. Moelv, Brumunddal, Hamar
11. 24
12. Hotel Continental
13. Mannen som visste for meget (eller på engelsk: The Man Who Knew Too Much)
14. Kvit
15. Tonstad kraftverk
16. 1996
17. Dalai Lama
18. Aust
19. Marius Hægstad
20. Produkt
21. Høvelflis og julegris
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?