Oktober i Budapest

Då terrormuseet i Budapest vart opna 24. februar 2002, møtte 10.000 menneske fram.
Då terrormuseet i Budapest vart opna 24. februar 2002, møtte 10.000 menneske fram.
Publisert

Ei genial satirisk vise i den sovjetiske undergrunnen hadde refrenget «Men i oktober …». Det var i oktober «vi» fekk vita at tsar Nikolaj ikkje var ein god herskar. Det var i oktober (1964) «vi» skjøna at Nikita Khrusjtsjov øydela landbruket og gjorde mykje anna gale. Visa er ei lang oppramsing av alt det som hende i oktober, jamvel om oktoberrevolusjonen i Russland kom i november.

Ungararane var aldri i tvil om kor lagnadstung oktober kan vera, og slett ikkje etter revolusjonen i 1956. Lenge heitte det oppstanden, stundom den kontrarevolusjonære oppstanden, til og med. Men i oktober 1989 vart den raude sovjetstjerna på toppen av spiret over nasjonalforsamlinga sløkt og teken ned, og da, vel to veker før Berlin-muren fall, vart revolusjonen i 1956 kalla revolusjon. Offisielt.

Terrormuseet på Andrassi-bulevarden i Budapest var lenge nokså stusslege greier. No er det lang kø, samlingane er utvida og folk kan få sjå mappene til slektningar som var fengsla eller skotne etter summarisk rettargang. Små ovale medaljongbilete står i lang rekke på utsida av den mørke bygningen, terroroffer frå statsminister Imre Nagy og nedover til vanlege folk. Det ungarske AVH hadde hovudkvarter her, ein direkte overgang frå dei førre eigarane, den fascistiske pilkorsrørsla under andre verdskrigen.

I sentrum av samlinga står ei tilgrisa sovjetisk stridsvogn av typen som vart brukt til å tyna revolusjonen i 1956. Men romma rundt i tre etasjar pluss torturcellene i kjellaren er innreidde med dokumentasjon. Særleg grundig er framstillinga av innsatsen til den stalinistiske leiaren Matyas Rakosi. Noko sjarmtroll var han ikkje, men propagandamakarane gjorde sitt beste for å visa han som ein barnekjær og folkekjær mann. Det var lita hjelp i det da den enorme statuen av Josef Stalin vart riven av demonstrantar om kvelden den 23. oktober 1956. Rakosi måtte gå, og dei siste 14 åra budde han i eksil i Usbekistan, der han døydde i februar 1971. Nekrologen i det sovjetiske partiorganet Pravda var ein notis på tre liner.

No har den ungarske kyrkja og forfylgingane av dei kristne i landet fått ein heil etasje i museet, med kardinal Mindszenty (1892–1975) som hovudperson. Mindszenty var kompromisslaus motstandar av kommunismen; det vanskelege og vaklande samarbeidet som polakkane fekk til over den ideologiske grensa, vart aldri prøvd i Ungarn. Etter mange år i eksil i den amerikanske ambassaden i Budapest kunne han reisa til Austerrike. I 1991, 16 år etter at han døydde der, fekk han kvilestaden sin i krypten i nasjonalkatedralen i Esztergom nord for Budapest.

Som det sømer seg eit dugande ryttarfolk, er ungararane i dag i stand til å ri to hestar. Det gjer dei òg på oppvisningar i hestelandet på pusztaen, der godt oppøvde ryttarar står med ein fot på kvar hest i eit tospann. Og det er ikkje snakk om luntetrav.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement