Utsyn frå Inderøy

Når sjefen tek ordet

Vladimir Putin har om ikkje lenge styrt det russiske riket lenger enn Stalin, som døydde for snart 60 år sidan.
Vladimir Putin har om ikkje lenge styrt det russiske riket lenger enn Stalin, som døydde for snart 60 år sidan.Vladimir Putin har om ikkje lenge styrt det russiske riket lenger enn Stalin, som døydde for snart 60 år sidan.
Publisert Sist oppdatert

President Vladimir Putin er av dei statssjefane som tek ordet for å ha det ei stund – og det vil seia så lenge som det passar han. Den seinaste, men temmeleg sikkert ikkje den siste oppvisninga hans, gjekk i russisk fjernsyn 30. juni, og som han har gjort til vane, varte solosendinga hans i fire timar.

Neste gong vert truleg i midten av desember. Dette er den måten han har valt som styresett heilt sidan han vart utpeika til president for vel tjue år sidan. Kor nøgde russarane flest er med dette, er uvisst, men tradisjonen i Russland – og den var det ikkje Putin som innførte – er at det er skrint med alternativ, og slik har det vore i svært mange generasjonar.

Heilt demokratisk er det kanskje ikkje, men ein skal ikkje ha altfor solide detaljkunnskapar om russisk historie for å vita at det svært ofte var verre før. Og for mange russarar gjeld det dystre slagordet: «Stell godt med sjefen din, det er ikkje sikkert at den neste vert betre.»

Då Mikhail Gorbatsjov melde seg med reformtankane sine midt i 1980-åra, slo den russiske folkehumoren til med innarbeidd og imponerande litterær kraft: «Kven støttar den nye partisjefen? Svar: Ingen. Han kan stå ved eiga hjelp.»

Så etablert som evneløysa var i Brezjnev-perioden – mange eldre folk hugsar så vidt Leonid Brezjnev (1906–1982) enno, både i Russland og i utlandet – var det ikkje eingong ein vits. Og Gorbatsjov, som enno lever, er knapt nok hugsa av andre enn historikarane i dag.

Vladimir Putin har om litt styrt det russiske riket lenger enn Stalin, som døydde for snart 60 år sidan. Putin låg enno i vogga og hadde ikkje fylt året då Stalin vart gravlagd. Det er den likskapen mellom han og Stalin at det knip med å få gjennomført dei lovnadene han går til val på, men han vert ikkje stilt til ansvar for det som slår feil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement