Når diplomatiet vert for heitt

Den finske saunatradisjonen har fått mange avleggjarar, mellom andre ein badstuflåte i Bjørvika i Oslo.
Den finske saunatradisjonen har fått mange avleggjarar, mellom andre ein badstuflåte i Bjørvika i Oslo.
Publisert

Om du fortel ein finsk kjenning at du har bada badstue frå du var fire år gamal, hender éin av to ting: Han eller ho spør om du har finsk blod i årene, eller du får respekt. Eller begge delar. Om du kan leggja til at du har ein sjølvlaga plakat på badstudøra di med orda «Saunassa ei ole salaisuuksia» (Det er ingen løyndomar i badstua), har du inngangsbillett til ein stor finsk veneskare.

Eg har til og med bada i den offisielle badstua til Suomen Saunaseura (Finska Bastusällskapet) i Helsingfors, (opna til OL i 1952) under oppsyn av presidenten, tidlegare helsedirektør i Finland, professor dr. med. Harald Teir (1914–1992). Han veik ikkje unna for dei verkeleg krevjande oppgåvene: I presidenttida si fekk han fleirtal for at det ikkje skulle serverast sterkare saker enn tytebærsaft i badstua «hans». Kva folk elles gjorde heime, blanda han seg ikkje i, men den som måtte meina at eit glas øl eller tre høyrde med på menyen under badstubading, risikerte ei solid medisinsk førelesing med langdryge åtvaringar om professor Teir var til stades.

Badstua i Verstad-grenda på Inderøy stod ferdig etter dugnad vinteren 1944, og sidan har eg bada badstue når helsetilstanden tillèt det. Saman med ein finsk diplomat, Arto, har eg notert meg for personleg rekord, 120 grader, i badstua som stod i hagen til ambassadørresidensen i Oslo i 1970-åra. Ho vart riven etter krav frå dei blyge grannane på Frogner, men det var etter mi tid.

No er det badstue – fleire, faktisk, i Bjørvika, eit framsteg som ville ha vore professor Teir til umåteleg glede, om han hadde fått oppleva det i pensjonistperioden sin som medfylgjande diplomatektefelle i Oslo.

Diplomat Arto fekk toppstillingar i den finske utanrikstenesta, men sjølv for folk av hans kaliber byr livet på motbakkar. Tidleg i 1960-åra var han i protokollavdelinga, og den amerikanske utanriksministeren, Dean Rusk, skulle koma til Helsingfors. Protokollfunksjonær Arto la opp programmet. Amerikanarane sa ja til alt, men Rusk meinte at det nok ikkje var tid til badstue saman med president Kekkonen. Finnane er dyktige på diplomatspråk, så alle skjøna at Rusk ikkje ville i badstue. Rusk kom til residensen på Ekudden, og Kekkonen, Rusk, den finske ambassadøren i USA og den amerikanske ambassadøren i Moskva møttest bak stengde dører. Så kom dei ut, og Kekkonen la i veg mot – skrekk og gru – badstua. Dei forsvann inn. Arto tok det roleg, presidenten var stolt av badstua si og skulle nok berre visa henne fram. Dei vart noko mindre rolege da dei høge herrane ikkje kom ut att. Det gjekk ein time, og Arto tenkte at dette var slutten på noko som kunne ha vorte ein fin karriere. Dei kasta seg over den finske USA-ambassadøren for å få vita kva som hadde gått gale.

– Vi sa da til alle at Rusk ikkje skulle i badstue.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement