Melanijas dagbok
Saman med mannen sin og den åtte år gamle sonen Andrejs, pluss 17.000 landsmenn, vart den latviske sopranen Melanija Vanaga arrestert og send i krøtervogn til Sibir. Der var ho i 16 år.
Det er lett, men diverre altfor lettvint, å tenkja seg at dette skulle vera ei dagbok som den amerikanske presidentfrua fører. I staden er det ein latvisk film som fekk publikumsprisen på dei baltiske filmdagane i Oslo sist i oktober. På sitt vis høver tildelinga fint saman med hundreårsminnet om den russiske oktoberrevolusjonen i neste veke, men filmen er ikkje innkjøpt hos oss. Utgangspunktet for handlinga er dei omfattande deportasjonane frå Estland, Latvia og Litauen i juni 1941, og det er livshistoria til den latviske sopranen Melanija Vanaga som vert fortald.
Saman med mannen sin og den åtte år gamle sonen Andrejs, pluss 17.000 landsmenn, vart ho arrestert og send i krøtervogn til Sibir. Der var ho i 16 år.
Mannen, som var redaktør, hamnar i ein annan leir, men ho får ha sonen hos seg heilt til han får «tilbodet» om å reisa heim til Latvia, der han skal gjera militærteneste. Heile denne tida skriv ho dagbok, og kvart år krev ho å få senda brev til mannen. Kvar gong får ho avslag. Ho kan ikkje få vita kvar han er, for domen hans er «ti år i arbeidsleir utan rett til brevveksling».
At dette er den vanlege byråkratiske formelen for dødsstraff, kan ho ikkje vita. Då ho mange år seinare får sjå saksmappa hans hos politiet i Latvia, ser ho at han døydde i 1942, 15 månader etter arrestasjonen. Ved kvart avslag fortel dei henne at han er i live.
I 1957 fekk ho, som mange andre, reisa attende til Riga, og ho ville gjerne sjå operaen att. Der slapp ho ikkje inn, for ho hadde ikkje annan fotbunad enn russiske filtstøvlar (valenki), og dei var ikkje bra for dei staselege golvteppa. Filmen opnar med at ho står på scena og syng «Ein vakker dag skal vi møtast att» frå Madama Butterfly, dagen før arrestasjonen.
– Men seier de det ikkje slik at kunsten er for folket? spør ho.
På denne tida, under avstaliniseringa, fekk mange av baltarane venda heim frå Sibir, mellom dei ei fem år gamal jente som i 1990 vart utanriksminister i det frie og sjølvstendige Latvia. Melanija får eit spørsmål om korleis det var i Sibir; dei ser på kleda og det slitne andletet kvar ho har vore.
– Og de kjenner meg ikkje att? spør ho.
Det gjer dei ikkje. I resten av det yrkesaktive livet sitt er ho budeie.
I 1992 vart dagbøkene hennar, som ho skreiv som familiehistorie for sonen, utgjevne som bok. Nær 25 år seinare vart filmen laga: ein latvisk-tsjekkisk-finsk samproduksjon som det ikkje var lett å finansiera, fortalde regissøren Vesturs Kairiss etter ei framsyning i Oslo. Dei dystre vinterlandskapa i Sibir er filma i Finland.
Filmen er meir internasjonal enn som så. Hovudrolla som Melanija er det den sveitsiske skodespelaren Sabine Timoteo som har. Ho snakkar korkje russisk eller latvisk, men lærte seg replikkane etter papegøyemetoden. Å snakka russisk med latvisk aksent er ikkje det enklaste ein kunstnar kan gje seg i kast med, men alt i filmen er avstemt og samstemt med den stillferdige, kyniske brutaliteten, den ugjestmilde naturen og den vare kjensla hos regissøren for at dette er ei historie som det må ta tid å fortelja.
Og mottakinga i Latvia, der nær 30 prosent av innbyggjarane er etniske russarar som helst vil vita minst mogleg om denne delen av historia?
– Det var taust, seier Kairiss. Russarane våre sa ingenting og såg heller andre filmar,
Det kunne – sjølv utan publikumspris – vera ein tanke å visa filmen hos oss. For mange er det for seint; eitt av mine første politiske minne er frå ei valsending i NRK i 1949, der ein kommunistrepresentant vart spurd om deportasjonane frå dei baltiske landa etter runde to i 1949.
– Kva for deportasjonar? svarte han tre gonger før tida var ute.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Filmen opnar med at ho står på scena og syng «Ein vakker dag skal vi møtast att» frå Madama Butterfly, dagen før arrestasjonen.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.