JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Masaryks minne

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
30 prosent av dei tsjekkiske veljarane sa ja til Andrej Babis, og hans JA fekk tre gonger så mange røyster som noko anna parti.

Foto: David W. Cerny/Reuters/NTB scanpix

3896
20171027

OBS: Babis, Tomás og Milos skal ha eit diakritisk teikn over den siste s-en, eit hustak med spissen ned. Det same skal r-en i Jiri. PE.

Eg skal nok halde auge med dykk, sa den første tsjekkoslovakiske landsfaderen Tomas Masaryk da han gjekk av som president like før jul i 1935, nær 86 år gamal.

Han døydde mindre enn to år seinare. Dermed slapp han å oppleva det audmjukande München-forliket i 1938, der den britiske statsministeren Neville Chamberlain trudde han hadde sikra «fred i vår tid» med ei avtale med Adolf Hitler over hovudet på tsjekkoslovakane. Eit halvt år seinare, i mars 1938, marsjerte dei tyske styrkane inn i Praha. Böhmen og Mähren – det som i dag er den tsjekkiske republikken – vart eit tysk protektorat heilt til mai 1945, ei tid da det hadde vore alt anna enn fred.

Laurdag er det 99 år sidan den tsjekkoslovakiske republikken tok plassen sin på Europa-kartet. I oktober 1918 var Masaryk sjølvskriven som den første presidenten og fekk seinare ein stor statue på festningsområdet i Praha. Men minnesmerket kunne ikkje stå der, korkje under krigen eller etter det kommunistiske kuppet i februar 1948.

Det vert nok ståande no, slik det har gjort sidan atterreisinga i 1990. Men valsigeren som Trump-kapitalisten Andrej Babis sikra seg for seks dagar sidan, vil få dei færraste til å tenkja på den ruvande historikaren og filosofen Masaryk. Så får han ikkje presidentstolen heller, der sit Milos Zeman. Babis ligg godt an til å verta ny regjeringssjef.

Babis har den eine likskapen med Masaryk at han kombinerer ein tsjekkisk og ein slovakisk bakgrunn, godt dynka med utlandsperiodar og skolegang i Frankrike og i Sveits. Partiet hans heiter ANO 2011, som kan omsetjast med JA 2011.

30 prosent av veljarane sa ja til Babis, og hans JA fekk tre gonger så mange røyster som noko anna parti. Leiaren for kommunistane måtte vedgå at han hadde sikra seg mange veljarar frå venstresida med eit populistisk program som vart ein magnet både for dei som i grunnsyn soknar til venstre- og høgresida i republikken.

Det er minst fire «greier» ved Babis som sender tankane i retning av Donald Trump heller enn mot Tomás Masaryk. For det første er han mangemilliardær i dollar. (Han skryter på seg at han aldri har gått konkurs.) Transaksjonane hans har vore så «vellykka» at han vart send ut av regjeringa for eit halvt år sidan. Han var visestatsminister med ansvar for finanspolitikken, og statsminister Bohuslav Sobotka fann ut av det var nok. For mindre enn tre veker sidan vart Babis fråteken den parlamentariske immuniteten på grunn av ei gransking i kjølvatnet av avgangen. Immuniteten kjem nok tilbake no.

For det andre er han sterk motstandar av innvandring, og ingen tsjekkisk politikar vert upopulær på det.

For det tredje har han gitt mykje ros til Russland, Putin og russisk politikk, og for det fjerde vil han ikkje dikterast frå Brussel. Det hindrar han ikkje i å seia at både partiet ANO og han sjølv varmt går inn for EU-medlemskap. Men ei kritisk line som liknar på det vi høyrer frå Budapest og Warszawa, er det all grunn til å venta seg.

Midt oppe i dette har han ein interessant motstandar som var minister for menneskerettar og likestilling. Det er Jiri Dienstbier jr., årgang 1969, son av den Jiri Dienstbier som vart utanriksminister da kommuniststyret braut saman i november for 28 år sidan.

Over alt dette rugar – for ikkje å seia at under alt dette tærer – misnøya med politikarar som tenkjer mykje på si eiga godtgjersle og mindre på det dei kan gjera for landet. Det er i alle fall det ein høyrer frå «folk flest», som hugsar lite frå jubelen i 1989, då alle problem skulle løysa seg.

Det er berre det at livet gjerne byr på fleire kvardagar enn festdagar, særleg når haustmørkret kjem sigande, anten det er jubileumstid eller ikkje.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Babis er sterk motstandar av inn-
vandring, og ingen tsjekkisk politikar
vert upopulær på det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis