Iskrem på glatt føre
Statuen av Grønlands apostel, Hans Egede, vert ståande i Nuuk.
Foto: Christian Klindt Soelbeck / AP / NTB scanpix
Grønlands apostel, Hans Egede, var telemarking eller harstadværing eller norskfødd danske, alt ettersom. No i sommar var det folkeavstemning i hovudstaden på Grønland, Nuuk, tidlegare kjend som Godthaab, om kva som skulle gjerast med statuen av Egede. I mektig granitt strekkjer han seg mot himmelen på ein knaus i utkanten av Nuuk, med brysk prestekjole og minst like bryskt andlet.
Meir nasjonalistisk innstilte grønlendingar meiner at han var ein framand og aggressiv koloniherre frå den andre sida av havet, og at statuen derfor bør rivast, på line med monument over slavehandlarbaronar som gjorde seg styrtrike på ein geskjeft vi ikkje heilt godkjenner i våre dagar. Men den imponerande prestekjortelen gjer det opplagt at Egede må ha vore ein Herrens mann som utretta Herrens verk og spreidde Hans ord. Og på 1700-talet rådde pietismen, spesielt i Noreg og Danmark, og kyrkjetukta var slik at ein ikkje mukka mot gudsordet eller mot det som pietistiske kongar stod for. Så dei som no ville få statuen vekk, fekk ikkje fleirtal, langt ifrå, sjølv ikkje i vår harde monumentraserings nådelause tidsalder. Dermed vert statuen ståande inntil vidare, i sameksistens med lokale sjamanar og temmeleg liberale brennevinslover, kor grundig monumentet enn har vore tagga ned med barsk og slitesterk antiimperialistisk raudmaling heilt sidan 1973.
Etterkomarar etter dei som Egede og hans menn skulle frelsa, kan i vår tid studerast mellom store mengder ugudelege og syrgjeleg tomme ølflasker ved rufsute benkar i Christianshavn, ein bydel i København som vart bygd og busett av danskar som hadde tent seg rike på slavehandel og skatteføremoner som kunne vore einkvar banksjef verdig. Og om det verkeleg skal ryddast i monumentjungelen, kva skal ein så gjera med Peter Wessel, betre kjend som sjøhelten Tordenskiold frå Trondheim? Admiral vart han, sant nok, og det i låg alder, men han vart drepen i ein ærelaus duell, og lang tid og mange diskusjonar måtte til før han fekk endestasjonen sin i ein svært så staseleg sarkofag i Holmens kirke i København. Som om ikkje det skulle vera nok, er han i tillegg heidra med monument etter monument i by etter by, utan at det sjølv i våre harde tider har vore på tale med riving, utkasting og flytting. Han var med på slavehandel som førstereisgut, til og med, utan at tenåringen vart rik på det, og patriotiske trønderar har rimelegvis frikjent han fordi han truleg rømde heimanfrå for å sleppa unna all ungeskrikinga i barndomsheimen på Lade. Elleve brør og seks søstrer, slik Tordenskjoldsvisa fortel oss, gav sikkert lyd frå seg og gjorde det nok vanskeleg å få fred til strategisk tankeverksemd.
Men om statuen av forkynnaren Hans Egede lever vidare, dersom det skulle vera det rette ordet å bruka om steindaude og tunge monument, har iskremen det vanskelegare. Folk flest tenkjer seg kanskje at iskrem er noko som grønlendingane måtte greia seg bra utan, slik temperatur- og føretilhøva stort sett er. Hansens is – og det skal seiast at den som ikkje har kjølt seg ned med is frå Hansens is på tropiske danske sommardagar slik som no i år, ikkje anar kva skikkeleg iskrem er – har stansa både produksjonen og salet av isen Eskimo fordi ordet eskimo ikkje er heilt stuereint lenger, det heller. Språket heiter heller ikkje eskimoisk; både folkeslaget og tungemålet heiter inuit. For ein mann eller ei kvinne frå Grønland kling eskimo like nedsetjande og politisk ukorrekt som lapp gjer i staden for same på norsk, så her er det best å retta inn, og det så kvikt som mogleg.
Det tek litt tid før slikt går seg til. Imperialisme var eit nokolunde ærbart omgrep i si tid, og for all del: Det var i Godthaab, ikkje i Nuuk, at Fridtjof Nansen måtte overvintra etter den dryge og djerve skituren over Grønland for vel hundre år sidan. Siste båt til Danmark hadde gått for vinteren da han og dei fem andre – to samar, tre nordtrønderar og altså sjefen Nansen frå beste vestkant i Kristiania – nådde fram til vestkysten etter ferda over innlandsisen.
Men for Eskimo-isen er det sluttstrek no, trass i det varme arktiske reklamesmilet som trufast har sikra gode salstal både i Danmark og på Grønland i nesten hundre år, heilt sidan iskremmakar Hansen grunnla firmaet sitt for 98 år sidan, og to tippoldeborn bur seg på hundreårsfeiring i 2022.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Men om statuen av forkynnaren lever vidare, har iskremen det vanskelegare.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.