Ferskvare som held seg

Vaclav Havel vart president i Tsjekkoslovakia berre eitt år etter at Niels Barfoed gav ut boka. Herta Müller fekk nobelprisen i litteratur i 2009.
Vaclav Havel vart president i Tsjekkoslovakia berre eitt år etter at Niels Barfoed gav ut boka. Herta Müller fekk nobelprisen i litteratur i 2009.
Publisert

Journalistbøker er ferskvare, og held seg ikkje lenge. Nivået i verdslitteraturen tek ikkje nemnande skade av at dei jamt over ikkje naturleg har plass mellom klassikarane. Svetlana Aleksijevitsj er det store unntaket i vårt hundreår, men så fekk ho nobelprisen i litteratur òg.

Den danske forfattaren og journalisten Niels Barfoed er kanskje ikkje på det nivået, men denne månaden sende han ut boka Hotel Donau på nytt. Ho kom i 1988 og er ei vurderande, samanfattande reiseskildring frå eit Aust-Europa som var grått, trist og udemokratisk, men som verka traust og betongstøtt, berre eitt år før heile byggverket rakna og rausa saman.

Boka er høveleg lesestoff i veka for både 49-årsdagen for invasjonen i Tsjekkoslovakia i august 1968 og 28-årsdagen for handslaget som fleire hundre tusen baltarar viste frå Tallinn i Estland til Vilnius i Litauen, ved 50-års«jubileet» for imperialistpakta mellom Stalin og Hitler, 23. august 1939. Og ei historisk storhending til: I forgårs, 23. august, kom professor Rune Ottosen med ei kritisk bok om pilegrimsreisene til Albania, der norske intellektuelle – eller helst «intellektuelle», kanskje – bada seg til hjartevarmande kveik i lyset frå Enver Hoxha og sosialismens fyrtårn i Europa.

Niels Barfoed var og er utan austeuropeiske språkkunnskapar, men som dansk kulturjournalist har han skriveevne og augo til å sjå med. Og han sleit med det som plaga oss alle på den tida: Maktar du å skildra dette slik at folk heime skjønar korleis det er? At Albania-turistane hadde heilt andre føresetnader og mål, nemleg tilsløring, propagandagulping og tagnad, er ei sak for seg, og sjølv mellom dei truande, flatklemde i gruppepresset, var det somme som forstod såpass.

Av skribentane som kom til å stå som verkelege fyrtårn etter at det kommunistiske systemet hamna på den skraphaugen som Leo Trotskij dømde motstandarane sine til i 1917, var den tsjekkiske aktivisten og fengselsfuglen Václav Havel og den unge rumenske forfattaren Herta Müller (årgang 1953) dei fremste som Barfoed møtte i dei vanskelege 1980-åra. Havel vart president i landet sitt berre eitt år etter at Barfoed gav ut boka. Müller fekk nobelprisen i litteratur i 2009.

Niels Barfoed var like aningslaus som dei fleste andre om at systemet – heile systemet – stod på kanten av avgrunnen. Ein pressemann som var dansk utanriksminister på den tida, Uffe Ellemann-Jensen, skriv i eit ferskt føreord at han i oktober 1989 sat med den vesttyske utanriksministeren Hans-Dietrich Genscher og snakka om kor lenge regimet i Aust-Tyskland kunne overleva. Ikkje mange år ut på 2000-talet, meinte Genscher – fire veker før det gjekk hol på Berlinmuren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement