Estisk jonsok

Dannebrog fell frå himmelen under Volmerslaget ved Lyndanisse (Tallin) i Estland 15. juni 1219, slik målaren Christian August Lorentzen såg det føre seg i 1809.
Dannebrog fell frå himmelen under Volmerslaget ved Lyndanisse (Tallin) i Estland 15. juni 1219, slik målaren Christian August Lorentzen såg det føre seg i 1809.
Publisert

Det er svenskane som feirar jonsok meir og sterkare enn alle andre, ikkje sant? Folkeparkar i kveldssol, dans rundt maistonga med blomekrans og svenske folkeviser og korv och dragspel och vals. Deretter ein vel fortent eller hardt tiltrengd kviledag, alt ettersom, den 24. juni, jonsokdagen, som kjem etter jonsokeftan, nett som juledagen kjem etter julekvelden.

Dei som framleis trur det, har ikkje fått med seg at den svenske jonsokhelga er flytta til næraste laurdag og søndag, så det har ordna seg med kviledagen. Svenskane er effektive, og det kunne verta reint for mange arbeidsfrie dagar, noko som gjekk ut over både produktivitet og bruttonasjonalprodukt, og dermed nasjonaløkonomien.

Med helga og vekedagane høver det nesten perfekt i år. Men det er eit naboland der jonsok verkeleg er fri og heilag: Estland. Knapt noko folk er så nordisk i sjel og sinn som estarane, og hos dei vart alt som nordisk er, reinodla ekstra sterkt fordi det i så mange år var nett nordiske dei ikkje hadde lov til å vera.

Ikkje eigenleg.

Om det så er Valdemarsdagen 15. juni, så heng han på eit vis saman med midtsommardagen. For det var 15. juni 1219 at det danske flagget fall ned frå himmelen under eit slag i det som no er Tallinn, der danskane sleit hardt for å få kristna dei estiske stammane. Dei lokale trong til ei fast hand, nett som da Olav Tryggvasson og Olav Haraldsson på sine kantar gjekk inn for det same eit par hundre år tidlegare.

Midtsommar 15. juni, og flagg frå himmelen? Ja, det finst ei forklaring på alt: På 1200-talet låg den gamle kalenderen sju dagar bak «vår». Det vart éin ekstra dag for kvart hundreår, frårekna skotåra i 1200, 1600 og 2000, så 15. juni 1219 svarar til 22. juni. På 1700-talet er vår kalender 11 dagar før den julianske. Differansen er 12 dagar på 1800-talet, og 13 dagar på 1900- og 2000-talet. (Det er derfor oktoberrevolusjonen kom i november, og det er derfor Karl 12.s dødsdag, på grunn av arbeidsuhellet hans i Halden, er 30. november 1718 i Sverige, men 11. desember 1718 i Noreg og Danmark. Vi skifta kalender frå den gregorianske i 1700. Svenskane venta til 1752.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement