Ein ledig og munnleg stil
Passasjerar som måtte gå av på Brynseng stasjon og ta bussen vidare mot Oslo sentrum etter brannen i tunnelen ved Ensjø måndag morgon.
Foto: Håkon Mosvold Larsen
Kvardagens normalprosa, spesielt den talte varianten, skal ikkje vera for komplisert eller liggja på eit så høgt stilnivå at elegansen skuggar for bodskapen.
Denne grunnsetninga fall meg inn da eg, med møde og blytunge augnelok, tok fatt på den siste førjulsveka no i måndags. For pensjonistar, som uavvendeleg har framtida bak seg, er det ingen grunn til å kravla ut or dynene før – som diktaren seier – soli ho sprett. Så noko urven og trøytt var eg i gang med det personlege morgonstellet ved nitida måndag morgon, til tonefylgje av Dagsnyttsendinga frå NRK. Heller ikkje i desember skal vi sparast for elende og tragediar, og første melding informerte oss om ein gasseksplosjon i tunnelbana i Oslo. Gasseksplosjonar i togtunnelar er oftast alt anna enn godt nytt, men dette hadde vore på ei tid da ingen passasjertog gjekk, og ingen menneske kom til skade.
I vintermørket fann yrkessyster mi ved mikrofonen dette så gledeleg at ho muntert starta intervjuet med ein talsmann for dei som var i gang med rydde- og reparasjonsarbeidet, på marienlystig vis: «Hei sann!» Talsmannen, sjølv etter fleire timars hardt nattearbeid, var like feststemd og svara med «Hei sann!». Slik vart det indirekte, men tydeleg, understreka at ingen menneske hadde vorte utsette for noko som helst. Eg rakk å tenkja at om no denne ulykka hadde hendt ved Montebello, så kunne dei sprita opp alt ved å la Trond Kirkvaag koma til orde i eit opptak, slik at det kvelva seg ein enda høgare himmel over morgonstunda. Så vel var det ikkje. Oslo er ein lagdelt by, og det er ikkje den same sosiale klassesusen over eit stadnamn som Ensjø. Det var der det small, ikkje på Ullern. Alt til rette tid, og på rette staden.
Neste innslag galdt dei seks kronene som pasientar må betala når dei skal ha ei tekstmelding (SMS) frå fastlegen sin om at dei har fått time. Etter reglane er det ikkje pasienten, men medisinmannen eller -kvinna som skal ut med denne summen. Journalisten slo til med dette velformulerte og djupt undrande spørsmålet: «Men drit dæm i dæm bestemmelsan som sei at fastlægen ska ha avtale med kommunen, da?»
Eg kan for så vidt gi ein innertiar for eit rosverdig og assosiasjonsberande ordval. Ledig og munnleg var det i full mon, og noko høgt stilnivå var ikkje til bry. Eksperten på dette viktige sekskronersproblemet formulerte seg litt mindre fargerikt i svaret og mumla eit par ord om at regelverket kanskje ikkje var godt nok kjent.
Med ein morgonmeny som kan by på både eksploderande acetylengassflasker 300 meter inne i ein trafikkert tunnel og så eksistensielle spørsmål som kven drit eller ikkje drit i kva, har hjernen på berre 15 minutt fått nok trim til at ein med lys optimisme kan koma i gang med den korte vinterdagen.
Det er solsnu i kveld, nettene vert kortare og dagane lysare og lengre, så det er uhorveleg mykje å gleda seg over. Når ein berre tenkjer etter og ikkje slår frå seg tanken om litt hjelp frå NRK.
(Ei forbrukaropplysning: Dette var ein reklametekst. Betal lisenspengane i tide!)
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Men drit dæm i dæm bestemmelsan som sei at fastlægen ska ha avtale med kommunen, da?»
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.