Ein av dei ukjende heltane

Da Jeltsin døydde og Vladimir Putin vart statsoverhovud, markerte Sergej Kovaljov klårt at han slett ikkje såg dette som noko framsteg.
Da Jeltsin døydde og Vladimir Putin vart statsoverhovud, markerte Sergej Kovaljov klårt at han slett ikkje såg dette som noko framsteg.
Publisert Sist oppdatert

Måndag 9. august kom meldinga om at ein av dei ukjende heltane i den russiske menneskerettsrørsla, Sergej Kovaljov, var død. Han ville ha fylt 92 år neste vår, og trass i høg alder og sviktande helse gjorde han gjennom fleire år ein djerv innsats i rekkjene bak Andrej Sakharov. Best kjend vart Kovaljov som russisk talsmann for menneskerettar – det var den offisielle tittelen hans – under president Boris Jeltsin tidleg i 1990-åra. Da Jeltsin døydde og Vladimir Putin vart statsoverhovud, markerte Kovaljov klårt at han slett ikkje såg dette som noko framsteg. Kovaljov hadde politisk teft og fekk rett i at Putin raskt ville finna meir «høvelege» folk til denne stillinga, som han straks gjorde meir tannlaus og mindre brysam, sett frå Kreml si side. Da Kovaljov vart utmanøvrert og plassert på sidelina, vart han erstatta av personar som hadde gjort karriere i uniform og ikkje drøymde om å laga til vanskar for Putin.

Andsynes Sakharov var Kovaljov alltid lojal, og for Putin og hans medarbeidarar i Kreml var det minst like liten risiko for lojalitetsbrot. Da Kovaljov vart stilt for retten i Vilnius i Litauen, fall den prosessen i tid saman med utdelinga av Nobels fredspris til Sakharov i desember 1975. Sakharov reiste til Litauen for å vera til stades under rettssaka. Det vart han nekta, slik han nok hadde venta, men han hadde von om at dette ville tena som eit vern Kovaljov sårt trengde. Å lata ei slik sak gå i Vilnius hadde den konsekvensen at utanlandske pressefolk ikkje kunne få koma til byen. Dette var i Leonid Brezjnevs tid, lenge før Gorbatsjov-reformene var i nærleiken av teiknebrettet. Men Sakharov ståande einsam i desembermørkret utanfor rettslokalet i Vilnius sette søkelyset på tilstandane i sovjetstaten og gjorde sitt til at Kovaljov med full rett vart sett på som ein viktig opposisjonell.

Han var fysikar som Sakharov, og han var høgt respektert av dei andre opposisjonelle. Men Kovaljov gjorde aldri krav på å ha det same intellektuelle formatet som fredsprisvinnaren, heller ikkje sjølv gjorde han det. For oss som lever trygt her mellom bakkar og berg og ikkje risikerer stort verre ting enn å verta kritiserte av Bjørnar Moxnes eller Audun Lysbakken, er det lett å gløyma det moralske motet som dagleg krevst av slike folk som den stillferdige Sergej Kovaljov og meiningsfellane hans. Påminningane om risikofaktorane kjem gjerne i form av ein arrestasjon, ein dom eller ei giftsprøyte – og ein kort minneartikkel ved vegs ende.

Det spesielle ved slike menneske som Sergej Kovaljov er at dei fortel noko avgjerande om regimet som dei kritiserer: Slike regime vert styrte av menn som er redde for noko. Det tyder ikkje at desse regima bryt saman i morgon eller neste veke. Men hadde dei vore trygge på at dei har livets rett, hadde dei tedd seg annleis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement