Den kaldaste vinteren
Skodda ligg over Golden Gate i San Francisco.
Foto: Jeff Chiu / TT / NTB scanpix
Det meste er relativt, og den amerikanske forfattaren og journalisten Mark Twain fann ord for det lenge før Albert Einstein fekk nobelprisen: «Den kaldaste vinteren eg har opplevd, var ein sommar i San Francisco.» Han visste kva han snakka om, for han hadde vorte så glad i det tropiske, men oftast snille vêrlaget på Hawaii at han vart ein sjølvoppnemnd talsmann for at USA skulle ta over det idylliske kongedømet ute i Stillehavet. Så det gjorde amerikanarane, for 125 år sidan, og både monarkiet og sjølvstendet vart avvikla utan at det flaut blod. Det var to grunnar til overtakinga: amerikansk lyst på meir land, og det at syskenborn hadde gifta seg med kvarandre i så mange generasjonar at dei hawaiiske kongelege til slutt ikkje fekk levedyktig avkom. Slottet deira, det minste kongeslottet i verda, står den dag i dag – som museum over ein konsekvent, men feilslått familiepolitikk.
I San Francisco er våren kald, han òg, men om ein vil spara seg for fem timars flytur mot vest til Hawaii, greier det seg lenge med ein times biltur austover, mot eit varmare land. For etter berre nokre kilometer innover i California har temperaturen stige med både 10 og 15 grader, og havtåka som så ofte pakkar inn ei av dei vakraste bruene i verda, Golden Gate nord for byen, forsvinn som dogget for sola og viser fram eit landskap der folk dyrkar valnøtter og vindruer.
Så er alt vel, da? Ikkje når varmen tek over for alvor om nokre veker, og det ikkje regnar meir. Da vert det raskt så knusktørt at heile terrenget er ei brannbombe. Det fekk folk i store delar av staten ei brutal påminning om utpå seinhausten i fjor, da store område og heile byar vart herja av brannar som ikkje kunne sløkkjast. Brannruinane står framleis, og sjølv språket har ironi nok til å verta med på dei psykologiske sidene av øydeleggingane: Byen som fekk den mest nådelause medfarten, heiter Paradise. Eller heitte, for det er lite att av paradiset. Namnet står på kartet og vegskilta framleis.
Det kan verta like ille dette året, ingen veit noko sikkert om det. Men dei lokale gleder seg over at det har regna godt i vinter, og det er bra for minst to ting: På grunn av at folketalet i den største delstaten i USA held fram med å veksa, trengst det pålitelege mengder med nedbør til vanleg forbruk og til vatning av grønsakåkrane og vinrankene. Dei neste vekene vert dei enorme dammane oppe i fjella enda litt lenger aust fylte av smeltevatn frå vintersnøen som kom.
Litt sør for San Francisco, søraust for Los Angeles, til og med, hadde Ronald Reagan sommarhuset sitt. Han ville ha éin månad der kvart år for å rydja kratt med handmakt og halda seg i fysisk form. (Han var ærleg nok til å nemna det i valkampen, i eit land der éin månads sommarferie elles er sosialistisk, skandinavisk luksus.) Det minska brannrisikoen i tillegg, og 108 år etter at han vart fødd, vert det enno trekt fram som bevis på at USAs 40. president var meir fornuftig enn han ofte fekk ord for. At han hadde eit tilleggspoeng, nemleg at den fuktige, heite hovudstaden så langt frå California som det går an å koma i USA, er lite triveleg i august, vart meir sjeldan nemnt.
Kvifor San Francisco som tema denne veka? Tja, vi er der denne helga og prøver å halda varmen i havtåka, så godt vi kan. Men vi slepp fare for snømåking og glattis, og bilturen nokre få mil mot aust er ei kvardagsleg sak, som Karlsson på taket ville ha sagt.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Den kaldaste vinteren eg har opplevd, var ein sommar i San Francisco.»
Mark Twain
Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.