JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Den eine gongen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Eg går til røystelokalet med ei kjensle av høgtid», skriv Per Egil Hegge.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

3700
20170908
3700
20170908

Når svært mange turar som pressemann har gått til land der det var heller vanleg at berre eitt parti fekk lov av styresmaktene til å ha liste, kjenner ein eit naturleg, men ekstra sterkt indre press for å nytta røysteretten når ein sjølv er veljar. Så det vert nok ein tur innom røystelokalet om to­–tre dagar. Ved slike tilhøve var det eine partiet ein nær alliert av styresmaktene.

No har eg vore fråteken røysteretten nokre gonger – ikkje som sanksjon for lovstridig framferd og avgjerd i domstol, men fordi eg var busett i utlandet. Da kan ein røysta om ein er norsk diplomat. Det vart eg aldri, korkje av legning eller profesjon, og akkurat det var nok like bra både for fedrelandet og for meg. Men ein pliktar å skriva, eller melda, seg ut or manntalet når ein flyttar ut or kommunen, og enda meir når ein skal vera stasjonert i utlandet. Og den som ikkje står i manntalet, kan ikkje røysta ved stortingsval. Det er reint ut ei bibelsk kraft i denne ordninga (jf. Lukas-evangeliet, kap. 2).

Så i 1969, 1977 og 1989, då eg budde i Moskva eller Washington, fekk eg ikkje vera med. Ikkje ved kommunevalet i 1963 heller; då budde eg i London.

Dette er ein regel som har gjort meg lett melankolsk på valdagen, men det får vera ei trøyst at han fører innslag med seg som er genialt humoristiske, om ein berre er barsk nok. I 1988 flytta eg til Washington, og kona mi skulle koma etter nokre månader seinare; ho var i jobb, og ho hadde ei heller lang oppseiingstid. Ho fekk ein uventa telefon frå folkeregistret i Oslo – der dei heller ikkje har gått på diplomatkurs. Spørsmålet var direkte: «Skal du og mannen din skiljast?» Ho hadde ikkje høyrt noko om det, men ein veit jo aldri kva mannfolk i krisealderen kan finna på når dei er heimanfrå, så ho kjende eit lite agg av uro før ho svara nei.

– Og kvifor spør du så direkte om noko så personleg? spurde kona mi.

– Jau, mannen din har meld utflytting frå folkeregistret, medan du er her i Oslo framleis.

– Det er han nøydd til, både etter norsk lov, og fordi han ikkje kan få pressekort til Det kvite huset i Washington utan at han er registrert som busett der. Og til det treng han utflyttingsattest frå den førre bustaden, som altså er Oslo.

Ryddige koner som har så god greie på byråkrati at dei kan opplysa lokale byråkratar om det dei er betalte for å vita utan hjelp frå lekfolk, vert ikkje verdsette etter forteneste. Det var derfor inga takk å få, men det er ikkje poenget. Poenget er at det globale samfunnet har ført med seg mange endringar som dei ikkje tenkte på, dei som innførde formannskapslovene for 180 år sidan.

Det er litt annleis ved kommuneval, og eg kunne ha røysta i Oslo i 1979, enda eg da budde i USA. Eg måtte ha røysta på førehand, men det var travelt og kaotisk før vi skulle reisa tilbake etter ferien heime, så eg rakk det rett og slett ikkje. Slik gjekk opposisjonen, kven det no enn var den gongen, glipp av éi røyst, for i Oslo-valet røystar eg alltid på dei som ikkje sit med makta. Som eg skreiv i fjor, er det mitt mikroskopiske, men prinsipielle bidrag til kampen mot den lokale korrupsjonen i hovudstaden (Dag og Tid 8. april 2016). Utlufting og vekselbruk er gode retningsliner.

Men eg hadde dårleg samvit. I ulike og til dels lite trivelege land har eg gjennom åra snakka med mange som har blødd for røysteretten, ikkje berre i overført, men i direkte anatomisk tyding.

Så når eg kan, går eg til røystelokalet med ei kjensle av høgtid. Og med slips, som eg elles ikkje brukar lenger, stort sett. Mi einslege røyst veg ikkje tungt, og det veit eg. Men det at eg kan røysta, har dimensjonar av ein heilt annan kaliber.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Oslo-valet røystar eg alltid på dei som ikkje sit med makta.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis