Dei som lyttar
Husværet til Treholt stod under konstant overvåkning og kontroll. Foto: POT
For dei som er heilt ute av stand til å lata vera å fylgja den nye amerikanske presidenten time for time, vart den første marshelga og ein god del av denne veka dominert av tvitringa hans tidleg ein laurdag morgon. Som frynsegode fekk dei mest ihuga av oss svar på spørsmålet «Kvifor driv han på enno?»
Mannen som sa nei til å ta byrdene som kommunikasjonssjef for president Trump, Jason Miller, fortalde at han ville ha meir tid til familien. Han sa òg at Trump hadde rådført seg med han om tvitringa, dei korte meldingane som kjem frå sjutida om morgonen og utover dagen. Burde han slutta med det no? Det var det Obamas visepresident Joseph Biden meinte: «Du er stor gut no. Du er president om nokre dagar. Slutt med desse greiene.»
Miller sa det motsette: «Hald fram. Dette er det ekte deg. Du får ut til folket det du meiner, utan at journalistane skal rota det til og vrengja sund orda dine.»
Det kom eit lite signal laurdag 4. mars, da presidenten var i full sving klokka halv sju. For første gongen på svært lenge feilstava han eit ord, «tapp» med dobbelt konsonant i staden for «tap». Det tyder «avlytta, tappa». Og så kalla han Obama for «ein dårleg (eller sjuk!) fyr».
Utan prov – og det har vore viktig for pressefolka – skulda han Obama for ei straffbar handling: avlytting av ein amerikansk statsborgar. Sjølv ikkje presidenten kan gjera slikt; han kan ikkje eingong be om det utan å bryta lova.
For å gi ekstra mål nemnde Trump Nixon og Watergate i same slengen. Nixon var jurist og kjende lovene, og han gjorde alt for å løyna at han skulle ha hatt nokon kontakt med avgjerda om avlytting av det demokratiske partikontoret i Watergate i Washington.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.