Ambassadøren som dreiv utanrikspolitikk
Ulrich Thomsen spelar hovudrolla som ambassadør Henrik Kauffmann i Christina Rosendahls film.
Foto: SF Studios
I 1922 kom det ny dansk ambassadør til Oslo, eller Kristiania, som hovudstaden enno heitte. Den første vinteren brukte han stort sett til å gå på ski i Nordmarka og til å setja grå hår i hovudet på sjefane sine i København. For dei skjøna ikkje når han var på kontoret, sidan han var så mykje ute i løypene at han tok distansemerket. At ingen annan diplomat i Tigerstaden sette så djupe spor etter seg i avisene som denne dansken, Henrik Kauffmann, la dei ikkje merke til i København. Men nikkersadelen registrerte det. Han hadde gode kontaktar på Slottet òg. Ikkje berre gjekk kong Haakon på ski, Kauffmann senior hadde vore hoffsjef på Amalienborg og kjende prins Carl og seinare kronprinsesse Märtha personleg.
Da han fekk ein plass i dansk historie, var hendingane så dramatiske at det var premiere på ein dansk film om dei for ei veke sidan, Vores mand i Amerika. Han vart omplassert til Washington i august 1939, og heller ikkje der starta han på null: Kona hans, Charlotte, var dotter av ein av president Roosevelts admiralar.
9. april 1940 blanda Adolf Hitler seg inn. Kauffmann likte den danske samarbeidspolitikken med tyskarane så dårleg at han nekta å ta ordre frå den danske regjeringa og førte sin eigen utanrikspolitikk. For mennene i stripete bukser i København var dette ti gonger verre enn skiturar i Nordmarka, og Kauffmann hamna i bratt lende. Budsjettet hans vart amputert. Han meinte det berre var eit spørsmål om tid før USA kom med i krigen, og Kauffmann ville tilby amerikanarane basar på Grønland. Slik gjekk det òg, og 9. april 1941 underteikna Kauffmann og USA ein samarbeidsavtale. Som vederlag fekk han tilgang til dei danske gullreservane i USA, og med dei finansierte han drifta av ambassaden. Da vart han for alvor upopulær i København, men i Washington vart han til krigen var over, og han fekk signal frå kong Christian 10. om at det han hadde gjort, var grei skuring. Han heldt seg nær dei norske eksilpolitikarane i Washington, og dei to døtrene hans gjekk på skole saman med dei norske prinsessene Ragnhild og Astrid.
Dei hemmelege baseavtalane vart underlaget for plassering av amerikanske kjernefysiske våpen på Thule-basen i etterkrigsåra. Kauffmann vart medlem av den danske etterkrigsregjeringa, minister utan portefølje med sete i Washington, slik han ville, medan yrkesbrørne hans skar tenner. Det er meir enn tvilsamt om Danmark hadde kome med i Nato frå starten utan dette avtaleverket, og det var Kauffmann som underteikna avtalane om medlemskap i FN i 1945 og Nato i 1949. I 1958, på 70-årsdagen sin, kom han heim til Danmark som ein svært aktiv pensjonist, med stjerner på brystet og styremedlemskap i fleng. Han gjekk framleis på ski, men no hadde han sikra seg hytte i Sveits, «Chateau Roa», til minne om hytta på Hadeland, og var der ein tur kvar vinter.
Historia om den eigenrådige politikken hans vart ikkje kjend før historikaren Bo Lidegaard, seinare sjefredaktør i Politiken, kom over ei samling rapportar og andre dokument og gav ut boka I Kongens navn i 2014. I år kom eit band med fleire detaljar. Mellom anna viser det seg at han styrte det kompliserte privatlivet sitt like energisk som han var ein privatpraktiserande, men effektiv «utanriksminister». Charlotte Kauffmann hadde ei syster, Zizzy, som hadde møtt Kauffmann da han var stasjonert i Kina, og – nei, det er betre å sjå filmen.
Charlotte og Henrik Kauffmann døydde 5. juni 1963 og er gravlagde saman i Vedbæk nord for København. Den historia er minst like dramatisk som den storpolitiske.
Ho drap han. Han var dødssjuk, og det kan ha vore av medynk.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Charlotte og Henrik Kauffmann døydde 5. juni 1963 og er gravlagde saman i Vedbæk.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.