Albert Einstein, Piet Hein og såpestykket
Albert Einstein greier ut om noko anna han har oppdaga.Albert Einstein greier ut om noko anna han har oppdaga.
Foto: NTB scanpixFoto: NTB scanpix
Eg stod i betalingskø hos landhandlaren min på Sjælland ein dag og hadde lagt såpe i korga. Så kom eg til å tenkja på Albert Einstein.
Vi to har ikkje mykje sams, ikkje den minste ting, om sanninga skal seiast: Einstein hadde drive det noko lenger enn til matematikknivået i ein heller rusten engelskartium frå Steinkjer off. landsgymnas i 1959, fire år etter at Einstein døydde. Men det var altså dette med såpa.
Eg var ikkje omgangsven med den danske lyrikaren og matematikaren Piet Hein, men eg møtte han éin gong i ein privat middag i Oslo. Han var midtpunktet i selskapet, rimeleg nok. Det høvde han vel, han var ikkje mindre sjølvoppteken enn mange kunstnarar kan vera, og han fortalde om den gongen han møtte Einstein. Det var i Princeton i USA, og nokre gløgge menn hadde funne ut at den store Einstein kunne ha interesse av å møta ein lovande ung matematikar som Hein, som var i Amerika ein tur akkurat da. Einstein fekk tida til å gå utan å opna døra for ikkje altfor godt kjende skandinavar, men han hadde late seg overtala og rydda nokre minuttar i timeplanen.
– Arbeidsrommet hans såg ut som eit vanleg rotete professorkontor, og eg tok til å snakka. Eg snakka om alt eg hadde oppdaga, superellipsen framfor alt. Eg snakka vel litt for lenge og litt for mykje, for eg vart brått avbroten av verten, fortalde Hein.
– Unge mann, sa den store. – Eg har oppdaga noko, eg òg.
Eg mumla noko om relativitetsteorien, svarte hol og korleis tyngdekrafta verkar på lyset og slikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.