Vondt blod i fjellheimen

Seg til inkjes er ein sterk roman frå konfliktsona mellom vilje og lagnad.

Debutant Lars Svisdal skriv i ein stil som minner om Olav Duun og Kristofer Uppdal, skriv Odd W. Surén.
Debutant Lars Svisdal skriv i ein stil som minner om Olav Duun og Kristofer Uppdal, skriv Odd W. Surén.
Publisert

Somme skuldar på lagnaden når noko gale skjer, men tek gjerne æra for lukka, om ho skulle dukka opp. Ein metafysisk lagnad kan ikkje provast, men det finst då andre krefter og tildriv utanom dei personlege som lèt seg definera, og verknadane av desse er tidt viktige tema i litteraturen.

I romandebuten Seg til inkjes av Lars Svisdal møter me lagnader på og ikring Fægrane turisthytte, der drifta ikkje går særleg godt. Der driv eigarane Gunnar og Olaug på kvart sitt vis, han med å gjera lite til gagns, og ho med å gjera alt anna – ei bør ho ikkje er tagal om. Ho seier mykje, men det er langt mellom godorda. I mangt er ho ein ekte suppenazist, sjølv om det viktigaste matproduktet på hytta heller plasserer henne i SS Vaffel, slik eg ser det, men romanen er så klokt skriven at ein godt kan forstå ho Olaug, om ein ikkje kan tilrå framgangsmåten hennar.

Konfliktar

Når romanen tek til, er det sommar, og då er Ingebrigt, son til Olaug og Gunnar, heime og tek heller motviljug del i drifta, når han ikkje er sysselsett med å drikka seg full. På hytta har òg to unge jenter sommarjobb, Therese og Gjøa. Om romanen har nokon eigentleg hovudperson, må det vera Gjøa, sjølv om boka er skriven frå mange ulike perspektiv, der me ser dei viktige personane frå fleire sider. Dette får Svisdal til virtuost og tilsynelatande lett, og ikkje minst er han ein kløppar til å skildra konfliktar slik at lesaren vert engasjert.

Og konfliktane er mange og kvasse, til dømes mellom den gamle husmannsplassen Fægrane og etterkommarane etter storbøndene på Svervad – garden Fægrane låg under i hundrevis av år. Knut på Svervad og den vaksne dotter hans er etter dei på Fægrane med beiske ord, skuldingar og trugsmål, rett som det er med lovnadar om å skyta hunden på Fægrane om han, rettare sagt ho, syner seg på Svervad éin gong til. Hunden, som heiter Bella, har ein god ven i guten Knut jr., dottersonen til store-Knut, og stundom får lesarane sjå verda frå synsvinkelen til guten, som verkar klokare på innsida enn sett utanfrå, utan at det går på kostnad av plausibiliteten.

Framifrå realistisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement