JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Viktig bok med godt kjeldearbeid

Sjølv om soldatane svalt, fraus og mangla våpen, gav dei alt for Noreg i vekene etter den tyske okkupasjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erik Thomassen er historikar utdanna frå Universitetet i Bergen.

Foto: Silje Katrine Robinson

5474
20230825
5474
20230825

Sakprosa

Erik Thomassen:

Tre desperate uker. Det norsk-britiske felttoget i Sør-Norge 1940

Vigmostad Bjørke

Felttoget i Sør-Norge i 1940 var ein kamp Otto Ruge var dømd til å tape. Erik Thomassen har med boka Tre desperate uker gått i djupna og skriv om soldatar i nærkamp. Dei som trur dei kan det meste om dei dramatiske aprildagane i 1940, kan tru om igjen.

I 2021 skreiv Thomassen si første bok, De valgte å slåss, også den om dei tre første vekene av krigen, men med vekt på «Vestlandshæren». Det var også ei god bok.

Thomassen vel denne gongen å leggje hovudvekta på felttoget i aprildagane 1940, kampane frå Oslo mot Trondheim. Tre desperate uker er ein murstein, på 616 sider.

Soldatane manglar ammunisjon, dei frys, det er lite mat, og den største fienden er mangelen på søvn. Delar av offiserskorpset er også NS-vennlege. Nasjonal Samling hadde langt større oppslutnad blant offiserane enn i folket elles. Sjåføren som køyrde kongen, blei bomba av tyske fly med jamne mellomrom, og tyskarane må ha hatt norske vegvisarar.

Thomassen meiner likevel at det ikkje var mange offiserar som sveik i aprildagane 1940. Det er mogeleg han tek litt lett på den problemstillinga. Historikaren Lars Borgersrud hevdar i boka Like gode nordmenn frå 2012 at det ikkje var forsvarsevna, men forsvarsviljen som mangla. Det er ikkje godt å seie kven som har rett.

Britane sveik

Thomassen skriv godt, har grave i gode kjelder og omtaler tema som:

* Kvifor var det ikkje aktuelt å innkalle forsvarsleiinga til Victoria Terrasse natt til 9. april?

* Otto Ruge føresette at alle britiske soldatar som kom til landet, skulle vere under generalens kommando, elles ville Ruge gå av. Britane stolte ikkje på den norske militærleiinga. Dei hadde mistanke om at informasjon var leken frå den norske overkommandoen. Korleis løyste Ruge denne problemstillinga?

Forfattaren er på sitt beste når han skriv om detaljane i korleis britane sveik. Otto Ruge, Nygaardsvold-regjeringa og kongen følte seg svikne:

«[...] det kan neppe herske tvil om at Winston Churchill gjennom sju måneder i 1939–40 arbeidet aktivt for å bringe Norge inn i krigen [...]. Han medvirket sterkt til at den allierte innsatsen i Sør-Norge ble uten mål og mening.»

Kampane frå Oslo via Gudbrandsdalen og Østerdalen hadde to hovudmål, skriv Thomassen. Det eine var at konge og regjering skulle komme seg nordover og så vidare til England. Det andre var at ein skulle prøve å gje tyskarane kamp innan britane kom. Den britiske planen var tilsynelatande å gjenerobre Trondheim. Den eigentlege planen var å ta Narvik.

Det siste var ukjent for general Otto Ruge. Han var optimist. 22. april 1940 seier han: «Det skal bare et par–tre dagers innsats til nå, før krigen er vunnet.» Nokre dagar seinare var slaget om Sør-Noreg tapt.

Kritiserer regjeringa

Første del av boka gjev oss ei god innføring i dei dramatiske aprildagane, der tyskarane okkuperte ni byar i løpet av ei lang natt, 9. april 1940. Forfattaren er god når han skriv om handlemåten til regjeringa. Sjølv om han hoppar bukk over at utanriksminister Halvdan Koht ikkje var å få tak i ved midnatt 9. april.

Som kjent blei mobiliseringa send ut med brev, noko som tok to–fire dagar. Forfattaren dokumenterer at fleire avdelingar ikkje var ferdig oppsette innan 15. april. Thomassen skriv at han stiller seg tvilande til at mobiliseringa i 1940 vart gjord vanskeleg fordi sluttstykke eller slagfjører var fjerna frå gevær og våpena derfor var ubrukelege.

Han skriv: «Dette er etter alt å dømme en myte [...]. Faktisk var det mange steder slik at det eneste det var rikelig av, var gamle, men fullt brukbare, Krag-Jørgensen-rifler.»

Historikaren Lars Borgersrud er neppe samd med Thomassen. I hovudoppgåva si frå 1975 og i fem bøker seinare har Borgersrud vore innom temaet, den siste var Vi er et militært parti i 2010. Kven har rett?

Thomassen gjev ikkje mykje ros til regjeringa Nygaardsvold. Han skriv at Nygaardsvold og Koht «var generelt uinteressert i forsvaret av landet – i alle fall til det var for seint. Sterkare kritikk kan knapt reisast mot ein stats- og utenriksminister».

Konge og regjering flykta nordover etter den tyske okkupasjonen. Her blir kortbølgjesendaren til regjeringa frakta på dårlege vegar.

Foto: NTB

Ei viktig bok

Thomassen meiner at det er berre Carl J. Hambro av politikarane «som kom fra katastrofen 9. april med æren i behold». Han skriv at «Otto Ruge ble på sett og vis regjeringens – og nasjonens – redningsmann». Thomassen kunne lagt til nokre liner om at regjeringa Nygaardsvold merkeleg nok slapp unna riksrett etter krigen.

Styrken i Thomassens arbeid er kjeldebruken: dagboknotat, aviser, arkiv og brev. 1731 notar vitnar om at han har gjort heimeleksa. Det er ei viktig bok. Både for dei som ønskjer å skrive om krigen, og for dei som har lyst å lese seg opp på andre verdskrig.

Krigen i Ukraina gjer boka aktuell. Mykje i denne boka kan truleg kjennast att i kvardagen til ukrainske soldatar. Matmangel, søvnproblem, militært utstyr og vanskar med kommunikasjon er nøkkelord. For ikkje å snakke om motivasjon.

Nye bøker om andre verdskrig kjem no på rekkje og rad. Tore Pryser gjev seg ikkje, han skriv om «meir svik og gråsoner», medan boka til Torgeir E. Sæveraa, Bokstaven R, like godt omtaler 100 landssviksaker. Nei, siste ord er ikkje sagt om krigen.

Erik Thomassen (født 1953) har nettopp teke til å skrive bøker. Det bør han halde fram med.

Aage G. Sivertsen

Aage G. Sivertsen er historikar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis