JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Verdshistorie frå

første benkerad

John Reeds forteljing frå den russiske revolusjonen har spenst, spenning og nerve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2934
20171110
2934
20171110

HISTORIE

John Reed:

Ti dager som rystet verden

Omsett av Charlie Jansson
Føreord av Morten Jentoft
Spartacus

I dei kaotiske haustdagane i 1917 da bolsjevikane tok makta i Petrograd, var den amerikanske pressemannen John Reed (1887–1920) i den russiske hovudstaden og fekk sjå verdshistoria frå første benkerad.

Boka hans om dei ti dagane har status som klassikar, og det er all grunn til å spandera ei nyutgjeving ved hundreårsmarkeringa, slik forlaget Spartacus har gjort. Reed, som ikkje gjer nokon freistnad på å løyna det sosialistiske og revolusjonære grunnsynet sitt, fortel med skarpt blikk og sikker evne til ei levande framstilling.

Spenst og spenning

Som i mest alle bøker der Russland er hovudemnet, anten det er roman eller reportasje, vert det svært mange namn. Men det er spenst, spenning og nerve i forteljinga til Reed. Reed kunne meir enn skriva; han kjem seg rundt i det vanvettige kaoset, til og med ein tur til Moskva rekk han, og han får ei oppleving som ingen yrkesbror vil misunna han: Han vert stilt opp mot ein vegg medan ei ikkje altfor disiplinert gruppe revolusjonære soldatar drøftar om dei straks skal skyta han som spion eller lata vera.

Det er dessutan godt gjort å ha fått med seg så mange detaljar. Det er vanskeleg å lasta Reed for at han kjøper bolsjevikversjonen av freistnaden på kupp i juli 1917. Da samla den tafatte regjeringa seg til å leggja fram nokre av dokumenta som viste at Lenin fekk pengar frå tyskarane. Ingen bevis, sa bolsjevikane, men bevisa var gode nok til at Lenin vart varsla, kom seg ut av byen i ei bråvending og gjekk i dekning i Helsingfors i fleire sommar- og haustmånader.

Offer

I Stalin-perioden var denne boka ikkje å få tak i Sovjetunionen. Det står altfor mykje om Trotskij der, som den nøkkelmannen han var, både som organisator, strateg og folketalar. Stalin er berre så vidt nemnd; han skreiv under på nokre dekret. Det var òg andre viktige menn og kvinner som Stalin ville ha ut or soga. Slikt gjorde han grundig: Han drap dei fleste av dei, Trotskij vart eitt av offera i 1940. Nokre få slapp med husarrest og munnkorg. Men Reed opplevde dei og festa dei til papiret før det kom så langt.

Han døydde av tyfus i 1920 og vart gravlagd i Kreml-muren, så han fekk ikkje sjå korleis det vidare gjekk. Men det er langtidsperspektiv over eit Lenin-sitat han får med seg om at berre dei som har historia på si – altså Lenins – side, skal ha pressefridom. Da er herskarane sikra mot vanskelege spørsmål.

Med eit godt føreord og knappe, presise innleiingar til kvart kapittel er NRK-korrespondenten Morten Jentoft ein solid vegførar gjennom kaoset i desse novemberdagane.

PER EGIL HEGGE

Per Egil Hegge er tidlegare redaktør i Aftenposten, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er all grunn til å spandera ei nyutgjeving ved hundreårsmarkeringa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis