Musikk

Vegar me gjerne vandrar

Sigrid Moldestad byr på folkemusikk i popdrakt med hint frå Dei britiske øyane.

Sigrid Moldestad er vokalist og spelar fele og hardingfele.
Publisert Sist oppdatert

Sigrid Moldestad er ein merittert folkemusikar med ei rekke utgjevingar og prisar på samvitet. Vegane vi vandrar er hennar album nummer elleve i eige namn, der me møter henne saman med utmerkte musikarar. Moldestad sjølv er vokalist, samstundes som ho spelar fele og hardingfele.

Pop- og viseaktig

I seinare tid har det kome ei rekke plateutgjevingar med folkemusikken som basis som ofte inneheld mykje kreativ og rocka musikk. Moldestad leverer også eit alternativ til den tradisjonelle folkemusikken, men her i ei meir pop- og viseaktig retning. Ho har skrive alle komposisjonane sjølv, og heile vegen er det ei velprodusert og fin utgjeving me får servert på sølvfat.

Ho har alliert seg med nokon av dei beste musikarane innanfor sjangeren, der alle spelar variert og interessant, med dei to gitaristane i frontlinja, og med resten av bandet styrt på beste måte av Kåre Opheim og Anders Bitustøyl.

Fleire av låtane har noko irsk, skotsk eller keltisk over seg som fascinerer, der felespelet til Moldestad framstår som svært «ekte». Både melodiar og tekstar fungerer svært godt saman, samtidig som instrumentalane, der fela spelar hovudrolla, går rett i sjela.

Framifrå utgjeving

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement