Bok

Vårlege vengeslag

Gaute Grønstøl har skrive ein lettlesen og innhaldsrik biografi om vipa, ein kjærkomen gjest i kulturlandskapet langs kysten.

Publisert

I 1994 var det kring 60.000 par viper som hekka i Noreg, tjue år seinare var tre fjerdedelar av bestanden forsvunnen, og arten fekk endra status på raudlista til «sterkt trua», noko som blir bruka om artar som har svært stor risiko for å døy ut.

Denne lett kjennelege svarte og kvite fuglen med ein topp av lange fjør på hovudet har vore ein viktig del av fuglelivet i kystlandskapet i store delar av Europa. Både kjøt og egg har vore rekna som ei delikatesse, her i landet fekk Haakon VII fast levering av vipeegg frå Jæren kvar vår. Trass i kraftig nedgang i hekkebestandane blir det enno drive omfattande vinterjakt i fleire land, men eggsankinga er no forboden.

Fuglebiologi

Vipene som hekkar i Noreg, held til i Sør- og Sentral-Europa om vinteren. Levemåten er tilpassa strandenger og myrlendt steppelandskap, men i nyare tid har vipa tilpassa seg eit liv i kulturlandskapet. Meitemark er favorittføda, og vårsådd eng og beitemarker med moderat beitetrykk er gode vipeområde. Vipene hekkar gjerne i større grupper der dei kan dele på jobben med å halde unna rovfugl, rev og anna tjuvepakk.

I bøker og filmar om natur har det dei seinare åra blitt stadig meir fokus på den menneskelege observatøren, medan naturen sjølv ofte kjem litt i skuggen. Dette er eit lettbeint forteljargrep Gaute Grønstøl ikkje fell for.

Forfattaren har både mastergrad og doktorgrad i vipebiologi, og det kjem godt med i denne faktafulle fuglebiografien. Boka er eit oppkomme av biologisk kunnskap, og for faginteresserte (som denne meldaren) er det òg forfriskande å få innblikk i metodane for litt av dei omfattande feltstudia som ligg bak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement