Bok
Vare og utslagsgjevande minnebilete
Politisk teft og underfundig humor gjev eit inntrykk av åndeleg overskot.
Knut Ødegård har skrive fleire enn 40 bøker i ulike sjangrar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Den nyaste samlinga til Knut Ødegård er ei bok om alderdom og det å eldast. Berre det er oppsiktsvekkjande i ei tid som dyrkar ungdomen og det ungdomlege. Særleg media skapar eit inntrykk av at heile tilværet vårt er bygd rundt det som er ungt, og at det er dei unge som sit med definisjonsmakta.
Men til dømes Rolf Jacobsen tenkte heilt annleis: «Jeg holder mere av de gamle./ De sitter og ser på oss og ser oss ikke/ og har nok med sitt eget,/ som fiskere langs store elver». Ødegård tek opp tråden i Mitt kvite hår i vinden, og i store dikt tek han oss med på ferda inn i det gamle: «Kvar er alt dette som vi kallar vår kjærleik/ når ramnane kjem?»
I fleire av dikta er det som om tida gjer eit lite byks og stoggar for ei stund; tinga går på eit vis litt saktare, slik det gjerne gjer når vi vert gamle: «Stans no, slapp av ei stund: Senk/ skuldrene. Ta deg litt tid/ her hos meg, seier steinen/ ved dette havet». Tida som fenomen står faktisk i sentrum, noko som er naturleg når det er det forgjengelege som vert tematisert.
Og frå tida sjølv er vegen kort til minna og det som ein gong var: «Eg maktar ikkje skriva eit einaste ord/ om deg no mor, framleis/ for sårt men mjukt slik som dette silkeskjerfet ditt». På finurleg vis knyter han desse minna og røynslene til landskapet ikring han, naturen, vêr og vind, der alt er omskifteleg og vert skapt på ny kvar vår og sumar. Alt dette kunne ha vorte bleike og triste gamalmannsminne, men den poetiske tefta og den underfundige sansen hans for humor gjer at det faktisk gjev eit inntrykk av åndeleg overskot.
Unaturen har òg ein plass i universet til Ødegård. Krig og ufred er tekne med, og referansar til den tyske okkupasjonen av Noreg, og meir aktuelt til krigshandlingane i Gaza. Alt dette vert skildra på medlidande vis. For det er òg ei form for kjærleik, og kjærleik er trass i alt det som samlinga fyrst og fremst dreiar seg rundt: «Når vi vert gamle, du,/ og ramnane kjem for å ta oss/ (kra-kra, og så bort / i eit vengeslag mot lufta)/ kvar er vår kjærleik då?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.