Bok
Vandring mot ingenstad
Klaus Böldls skildring av Færøyane vekker gode minne hos denne lesaren.
For 30 år sidan tok eg den eldste son min med på ei danningsreise til Færøyane. I ei veke, med hotell Hafnia som base, farta vi rundt til fots, med buss og med ferjer og gjorde oss kjende i dette vesle øyriket, og det er nettopp det forteljaren Philipp i Klaus Böldls lågmælte roman Fuglepust også gjer. Forteljaren i romanen blir verande i to år for å restaurere kyrkjekunst ved museet i Torshavn. Men jobben blir berre eit alibi for noko anna, noko han leiter etter og aldri finn ut av anna enn som ei uforklarleg eksistensiell smerte med trådar tilbake til barndommen i Passau ved Donau, heilt sør i Bayern, på grensa til Austerrike. I teksten heiter byen berre P.
Barndomsvennen Simon forsvann da Philipp var 15 år, og blei aldri funnen. Dette minnet dukkar opp og blir forsterka når avisene fortel at ei ung jente han møtte på flyplassen, blir henta opp frå hamnebassenget i Torshavn. Sjølv om romanen er utan ytre dramatikk, skaper desse forsvinningane eit leiemotiv og ei indre spenning som held lesaren fanga gjennom dei vel 100 sidene.
Philipp er det tyskarane kallar ein einzelgänger, ein som trivst best i eige selskap, men han er ikkje meir asosial enn at han flyttar inn hos legen Johanna med dottera Rannvá. Dette forholdet er ikkje heilt liketil, og mykje peikar mot at det nærmar seg slutten når Johanna tar ungen med seg og reiser på besøk til mora i Danmark.
Presis
Forteljaren er ein sensibel og reflektert mann som observerer og registrerer naturen og samfunnet rundt seg, og han gir presise, detaljerte og treffande skildringar av Torshavn og det færøyske landskapet med den skarpe grønfargen, det skiftande vêret, den høge himmelen, dei fargerike husa og det vidstrekte havet som slår mot strendene. Samtidig er han ein tilskodar som i liten grad deltar i livet rundt seg; han betraktar det heile med «et undrende innvendig blikk», og han liker å oppsøke «veier til ingensteds – de finnes i et stort antall, det er dem jeg lever av».
Kva er det han eigentleg vil, anna enn å vere ein kvilelaus vandrar? Hentar han inspirasjon i naturen, eller søker han ei forsvinning, slik også barndomsvennen Simon forsvann utan å etterlate seg eit einaste spor? Denne undringa gir ein etterklang i lesaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.