JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Vandalisme og/eller kunst?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dolk og Pøbel, dei to mest kjende graffitiutøvarane i 
landet, laga serien «Ghetto Spedalsk» på fråflytta bygningar i Lofoten i 2008. Verka gjer at ein ser husa og omgjevnadene på ein heilt ny måte.

Dolk og Pøbel, dei to mest kjende graffitiutøvarane i landet, laga serien «Ghetto Spedalsk» på fråflytta bygningar i Lofoten i 2008. Verka gjer at ein ser husa og omgjevnadene på ein heilt ny måte.

Måleri og foto: Pøbel

2300
20180309
2300
20180309

Etter at billege sprayboksar kom på marknaden på 1980-talet, har graffitien blitt ein del av bybildet. Ofte er det snakk om spraya tekstar i eit ganske hjelpelaust formspråk, og mykje av aktiviteten er rein forsøpling. Desse ytringane kostar staten så vel som privatpersonar fleirfaldige millionar årleg. Dette er i utgangspunktet straffbar aktivitet, og det er ikkje småbøter vi snakkar om.

I undergrunnsmiljøa lever eigne reglar for korleis tagging skal vere. Her er det heller ikkje kven som helst som får lov til å vere med. For å bli godkjend av ei gruppe skal ein skape ein eigen unik signatur og vise at ein klarer å spraye dei på nøyaktig same måte fleire gonger etter kvarandre. Kvar gjeng har reglar for kvar dei kan tagge, men det kan vere vanskeleg for utanforståande å sjå kvar grensene går.

Omgrepet graffiti vert nytta om spraymåla bilete, ofte i store format og tilpassa flata dei arbeider på. Det er om å gjere å lage verka kjapt, så ein ikkje vert oppdaga. Utøvarane lagar derfor ofte verka på førehand og skjer ut sjablongar, slik at dei kan spraye motivet raskt på veggen. Sjablongane kan brukast fleire gonger.

Desse visuelle ytringane kan sjåast på som eit opprørsk ønske om å setje spor etter seg. Ungdommen kan føle seg overkøyrd i debatten om korleis tettstadane våre skal utformast. Mykje vert bestemt av dei som betaler mest, og utviklinga skjer i retningar som handlar meir om profitt enn om trivsel og miljø.

Dei seinare åra har fleire kommunar derfor oppretta «lovlege veggar» til fri disposisjon. Andre inviterer utøvarane til å dekorere bestemte stader, gjerne på digre endeveggar. Verka er gjerne spenstige i forma, men det er ikkje til å kome frå at protestuttrykka er etne opp av det dei protesterer mot.

Det er eit fenomen at kunstnarlege aktivitetar som nettopp er laga for å vere uråd å selje, forunderleg raskt vert henta inn i kunstgalleria. Dei mest kjente utøvarane av graffiti tener millionar.

Uttrykket har påverka populærkulturen, så vel som reklamen og bildekunsten. Som kunstfenomen er graffiti og tagging komplisert. På den eine sida er det meste av desse ytringane forsøpling og skadeverk, på den andre sida kan ein finne gullkorn. Verka kan blåse liv inn i kjedelege miljø, andre formidlar viktige bodskapar.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis