Bok

Valden og språket

Birger Emanuelsen har skrive ein sterk roman om ansvar og impulskontroll.

Birger Emanuelsen er ein prislønt forfattar.
Birger Emanuelsen er ein prislønt forfattar.
Publisert

Er det råd å oppseda born til sjølvstende? Ein mann eg snakka med ein gong, sa at han gav sonen sin ei fri oppseding. Fridomen innebar at han fritok seg sjølv frå å læra han noko som helst. Slik eg perifert kjenner sonen, var metoden ingen dundrande suksess.

I den nye boka til Birger Emanuelsen møter me læraren Jon, som ei tid var logistikkansvarleg for Leger Uten Grenser i Zimbabwe. Han er gift med Vilje, og saman har dei sonen Andreas, som er fem år gamal. Jon er ingen studie i tolmod, han er brå og impulsiv, men han har ein føremon: Han veit om det. Det er likevel ikkje alltid nok. Andreas er lett å hanskast med for dei tilsette i barnehagen, men noko verre for faren. Det er eit kjend fenomen. Vørdnad syner me dei framande, me kjenner ikkje veikskapen deira, dei heime ser me opprådde mest dagstøtt.

Aggresjon

Jon vert fort irritert på sonen, tek uturvande hardt i han no og då, han er snar til å kjefta og stiller urimelege krav. Jon er elles litt kantete også mellom vaksne, og han har ein lei tendens til å gjera seg mistenkjeleg. Emanuelsen er svært god på å skildra nett dette, utan å utmala situasjonane. Ein gong kjem Jon i skade for å hjelpa ei fortvila jente på do i barnehagen der Andreas går, og eit slikt brotsverk kan jo få enorme konsekvensar, men Emanuelsen lèt den eventuelle utviklinga av prosessen etter hendinga skje i bakgrunnen. Likeins er det når Jon tek Andreas med på ein lang skogstur: Då dei kjem til ei hytte der to lærarstudentar held til, ser dei at Andreas har sår etter villmarkslivet, og både Jon og lesaren merker skepsisen deira, men om dette får noko etterspel, er det unemnd i boka.

Skogsturen tek stor plass, og han er eit høve for Jon til å prøva ut oppsedingsideane sine. Han meiner at Andreas er for pysete, og at han har plikt til å hjelpa han til å hjelpa seg sjølv. Turen går over stokk og stein, og hadde barnevernet observert hendingane, ville det nok resultert i full utrykking med blålys, sirene, jet og bazooka.

Dramatikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement