Bok
Vakne draumar, sovande røynd
Mosaikkspeilet byr på formsikre noveller om oppvekst, lagnad og det gåtefulle sinnet.
Svein Roger Nilsen bur i, skriv om og arbeider i Drammen.
Foto: Paal Audestad
Draumar i vaken tilstand er psykosar, hevdar Svein Roger Nilsen i den nye novellesamlinga si. Sjølv vil eg leggja til at minne er sovande røynd. Draum og minne er resultat av opplevingar. Men draumen er òg ei oppleving og kan gje minnet eit problem dersom ein drøymer i vaken tilstand. Personlege røynsler har fått meg til å meina at hjernen drøymer heile tida, men at draumen er lukkeleg avstengd frå det vakne sinnet. Konklusjonen er då denne: I søvne er alle galne.
Sentralt i novellesamlinga står ein lang og original tekst, «Prosjekt Geppetto», ein hybrid mellom novelle, roman og essay om årsakene til schizofreni. Dei andre novellene er meir klassiske og knytte til sosial interaksjon, stort sett i det same miljøet, i drammensdistriktet til litt ulike tider.
Musikalsk
Det er godt mogleg at forteljaren er den same i kvar av novellene. I den første og dei to siste minnest han i alle høve seg sjølv og andre gutar som voks opp i lag. Mellom alt det kvardagslege her skjer det tidvis dramatiske saker, ein gut øydelegg seg etter å ha fått høgspentstraum gjennom kroppen, ein annan får kreft i ung alder, og alt er plausibelt og ekte, Nilsen treng ikkje markera tid og stad med oppramsing av koordinatar, lesaren er straks med og trur på det som vert sagt. Her er fine replikkar med musikalsk bruk av talespråk, og språket er i det heile godt forma etter alderen og refleksjonsnivået til forteljaren.
I den andre novella i boka er han vaksen, tilsett i helsevesenet, truleg som sosionom, på heimevitjing hjå ein ny klient, eller brukar, som det så skånsamt skal heite. Denne brukaren kjenner han att som ein i utkanten av den gutegjengen han sjølv var ein del av over tretti år tidlegare. Og det er altså sosionomen som skriv den lange teksten «Prosjekt Geppetto», der han informerer på ein svært interessevekkjande måte om forskinga på schizofreni, søvn og draumar. Det er mykje opplysning å henta der, og just som i opplysningstida set han seg føre å finna ut av det han lurer mest på, ved å bruka seg sjølv som forsøkskanin.
Kausalitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.