Kunst
Vågåsommaren 1894
Johanna Bugge, «Fra hagen, Storvik», 1894, privat eige.
Sidan J.C. Dahls tid hadde kunstnarane brukt å reise frå byane når sommaren kom, for å utforske landet. Sommaren 1894 la heile ti kunstnarar i veg mot Vågå, fire kvinner og seks menn i alderen 17–30 år. Dei budde i Kristiania, og reisa tok fire dagar med tog til Eidsvoll, dampbåt til Lillehammer og resten til fots.
Det heile tok til med at vågåguten og kunstnaren Kristen Holbø inviterte med seg kunstnarvenen Halfdan Egedius til heimgarden. Holbø var odelsgut i Vågå, men hadde valt måleriet framfor gardsdrifta. Sjølv om ingenting var avtalt, dukka også åtte andre kunstnarvener opp og fann losji i Vågå: Thorvald Erichsen, Lars Jorde, Oluf Wold-Torne, Alfred Hauge, Ragnhild Hvalstad, Kristine Laache, Johanna Bugge og Alice Pihl.
Månadane saman vart nytta til arbeid og kunstfaglege samtalar, og til dans og festlege lag saman med ungdommar i bygda. Det regna mykje denne sommaren, noko som skapte store problem, då dei la stor vekt på friluftsmåleriet. Bildet skulle målast ute i det fri, medan ein var omkransa av motivet. Likevel var produksjonen stor. Dei tok gjerne utgangspunkt i den lokale naturen, nattlege stemningar og mystiske landskap i mørke fargetonar. Fleire arbeid er symboltunge, der naturobservasjonane løyser seg opp i draumebilde.
I midten av september kulminerte opphaldet i ei stor fellesutstilling i eit skulebygg i Vågå. Trass i at denne vågåsommaren vart skriven inn i kunsthistoria som sentral for utviklinga av ein ny generasjon målarar, vart få av arbeida innkjøpte av museum. Dei vart spreidde utover landet i privat eige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.