Musikk
Utilslørt og tilbakelent
Rosalía lagar silkemjuk avantgardepop iført dundyne.
Rosalia då ho song på Saturday Night Live.
Skjermdump
Då den spanske artisten Rosalía nyleg opptredde på Saturday Night Live, stilte ho iført ei kåpe som likna ei dundyne og med eit dusjsklimatteaktig slør. Motomami er det tredje albumet hennar.
Komposisjonane bruker element frå pop-, tradisjons- og dansemusikk og blir til tidsriktige, meiningsfylte collagar ved hjelp av eksperimentell produksjon. Legg til dømes merke til frijazzsamplingane i songen «Saoko» og den hektiske perkusjonen mot slutten av balladen «Hentai». «Delirio de Grandeza» spelar på flamencotradisjonen, og på «G3N15» deler ei eldre kvinne livsvisdom om familie og kultur – trur eg.
Rosalías stemmeprakt er gedigen, og ho brukar autotune og andre effektar ein kan kjenne att frå samtidig musikk, på svært smakfullt vis. Sjølv lydar som normalt ville bli kategorisert som digitale «feil», er sette i høgsetet her og blir brukte på kreativt, velklingande vis.
I sin omgang med klisjear knytte til at kvinnelege popartistar ofte blir skulda for å «spele på» sex, minner dei snedige musikkvideoane om Megan Thee Stallions framifrå antiperverse kvinnemaktpopkunstverk frå i fjor, «Thoth Shit»: Det heile ser ut til å ha noko med makt og tryggleik å gjere.
Sjølv om eg ikkje er stødig i spansk, får eg med meg ord som transformacione og hentai (japansk: pervers), og etter to år med sosial distanse i ei tid då uretten i det globale samfunnet blir stadig tydelegare, får sidestillinga av motiv som heim, kultur, tryggleik og tilhøyrsle nye lag av meining.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.