Utanfor vinnarsporet
Tette tekstar som inviterer lesaren til å dikta med.
Line Madsen Simenstad debuterer med novellesamlinga.
Foto: Linda Bournane Engelberth
Noveller
Line Madsen Simenstad:
Dronning Maud Land
Forlaget Oktober
Biografiar skriv ein gjerne om personar som har fått så mykje merksemd at dei ikkje treng nokon biografi. Er dei i live når boka kjem ut, er biografien helst ei hylling, medan biletet er meir variert når hovudpersonen ligg i grava. Fiksjonsprosaen, derimot, vert som regel best når han handlar om slike som ikkje ligg an til nokon Heime hjå-reportasje i vekeblada, og ofte er dette mest tydeleg i novellekunsten. Debutboka til Line Madsen Simenstad, novellesamlinga Dronning Maud Land, held seg stødig og sikkert til ein slik føremålsparagraf, eller poetikk. Her møter lesaren folk utanfor det sosiale vinnarsporet. Dei har ikkje mange å tru seg til, ressursane er knappe og framtida ser ikkje særleg lys ut. Men dei lever då vidare, i det minste dei fleste av dei.
Mental tilstand
I den første novella, «Rød kjempe», sit ei kvinne, Karen, ved senga til faren. Han ligg på det siste, og prøver å ordna opp i slike småsaker som enno kan engasjera han, til dømes kva for songar han vil ha i gravferda si. Karen er på si side mest oppteken av å slå fast at alt er i orden med henne. Når ho tek seg ein drink, eller tenkjer på å gjera det, meiner ho heile tida at ho hadde gjort det annleis om ho hadde vore alkoholikar. Teksten presenterer ingen korrigerande instans, det er opp til lesaren å finna argument som eventuelt kunne ha vore til hjelp for Karen. Situasjonen er elles trist nok, og forfattaren har funne ein god metafor for den døyande, det er han som er den raude kjempa, eit omgrep frå astrofysikken. Vanlegvis ser ein gjerne for seg eitkvart innskrumpa når ein høyrer om eit dødsleie, men Simenstad har her skildra den mentale tilstanden, det som flyt ut, slik ein stundom ser det i den siste livsfasen til ei sol.
Indirekte metode
Den beste novella i boka, tittelnovella, som dessutan er den desidert lengste, handlar om ei ung mor og gutungen hennar, han er fem år gamal. Det er mogleg at mora heiter Annie. Kor som er, har ho tatt sonen ut or barnehagen, ho er heime med han nesten heile tida, dei går sjeldan ut og har minimal kontakt med andre folk. No og då ringjer det på døra, ukjende nummer kjem til syne på displayet på mobiltelefonen til den unge mora, og lesaren kjenner på seg at barnevernet er alarmert. Ein undrar seg litt over korleis dei to i indre eksil har råd til å leva, om mora har ein jobb, til dømes. Teksten nemner fleire jobbar ho har hatt tidlegare, men ingen ho har no, forfattaren skriv altså med atterhald, her får ein nesten ingen opplysningar. Likevel er novella engasjerande og spennande, for ein veit jo at røynda, som er eit synonym for samfunnet, ventar der ute, ingen er heilt privat, i alle høve ikkje ein person med foreldreansvar. Noko kjem til å skje, eller, som Jon Fosse hadde sagt: Nokon kjem til å komma. For om ikkje det skjer, veit ein også dette: Nokon kjem til å gå.
Det er ei bra bok Line Madsen Simenstad her har skrive, med tekstar som har noko innestengt over seg, ein ser hendingane innanfrå. Lesaren lyt fylla ut med konsekvens og samanheng, sidan forfattaren nyttar ein slik indirekte metode, og det er eit stilideal ein mellom anna kjenner frå forfattarskulane. Kunsten er fri for det pompøse og sentimentale, men han er også tæringssjuk. For hundre år sidan var det forfattarane som hadde slike plager, no er det bøkene. Om hundre år er det kanskje lesarane?
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ei bra bok Line Madsen Simenstad her har skrive.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.