Teater

Ut på vegen som seg sjølv

Liv Ullmann og Tom Remlov byr på slentrande moro og alvor om livet hennar.

Liv Ullmann vert intervjua av Tom Remlov på scena.
Liv Ullmann vert intervjua av Tom Remlov på scena.
Publisert

Fenomenet Liv Ullmann er eit av dei merkelegaste og kan hende òg mest typiske norskdomsfenomena vi har. Blant verdskjente norske kvinner er ho like vidgjeten som Kirsten Flagstad og Sonja Henie, og i motsetning til dei hine er ho fullt ut nolevande. Det kan synest som vi i Noreg aldri heilt har fatta formatet hennar. (Men det er det nok mange nordmenn som ikkje har skjøna med omsyn til Ibsen heller.)

Liv og karriere

Som mange andre aldrande teater- og filmstjerner har ho fleire gonger sagt at no skal ho ikkje opptre meir. Det løftet har ho heldigvis ikkje halde. Og det skal ho ha, ho har alltid vore flink til å kome heimom for roller i Noreg, sjølv i dei heitaste Broadway- og Hollywood-åra. Det ho har kome heim for denne gongen, er eit regissert talkshow, der ho, intervjua av riksteatersjef Tom Remlov, fortel om livet sitt og karrieren sin. Frå talrike TV-program, og eit par sjølvbiografiar, veit vi at ho er ein god forteljar. Ho fornektar seg ikkje denne gongen heller. Både dei anekdotiske detaljane om regissørar, skodespelarar og andre ho har møtt, dei sterke opplevingane som har prega henne i humanitært arbeid verda over, og dei små glimta av erkjenningar om det å vere dotter, partner og mor midt i ein kvervelvind av ein karriere, alt leverer ho med den velkjende varmen og den sjølvironiske humoren ho har stadfesta gjennom alle år.

Ekte

Det er likevel ikkje heilt lett å vite korleis ein skal vurdere denne hendinga som teaterframsyning. På same måte som den etablerte forma standup gir dette eit inntrykk av improvisert eingongshending, noko vi sjølvsagt veit det ikkje er. Dette er heilt klårt eit evenement halde under stålkontroll, trygt plassert innaNfor hovudpersonens eiga komfortsone. Det beste ein då kan seie om det som teater, er at det faktisk gir ei overtydande kjensle av nettopp improvisasjon. Mykje av magien i dette ligg naturleg nok i Ullmanns suverene evne til alltid å verke ekte, men fortenesta ligg i høgste grad òg hjå Tom Remlov, som aldri ein augneblink verkar mekanisk førebudd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement