Musikk
Uoppløyselege element i Vest-Telemark
Symre viser kor mykje kraft og sjølvironi som gøymer seg i det tilsynelatande vanlege.
Symre gjev farge til det kvardagsgrå, også i bybiletet.
Foto: Ole Børset
Då bandet Symre introduserte seg på musikk- og bransjefestivalen Vill Vill Vest i Bergen i november i fjor, kunne artisten Symre informere om at dei var eit likestilt band: Dei var like mange frå Telemark som frå Vest-Telemark. Denne blandinga av geografisk sjølvironi og heimstaddikting pregar Symre, som det altså er litt uklart om er eit band- eller eit soloprosjekt.
Ho som skriv og syng, heiter i alle fall Symre. Statistisk sentralbyrå kan fortelje at det er 32 andre i Noreg med same namn. Som i Symra, den einaste diktsamlinga til Ivar Aasen. Provet på at lyrikk på landsmål lét seg gjere. Det er òg det norske namnet på anemoneartar, som kvitveis, blåveis og kusymre, blomar som stikk seg fram alt tidleg om våren.
Symre Taugbøl Bang er ikkje ein anemone eller vårblome, men ho er tidleg ute. Nærast uforskamma ung til å vere så uforskamma dyktig. At ho alt no gir ut det tredje albumet med funkbasert visejazz i skjeringa mot ein slags progressiv pop, er nok eit uforskamma positivt trekk med ho.
Ulltrøye, baby
Fyrstealbumet landa ho på vidaregåande. Der syng ho på austlandsk om å vere ein godt brukt klut og har eit ironisk refreng om å fake it till you make it.
På andrealbumet skifta ho til eiga dialekt og den framifrå «Ulltrøye, baby». Ei innføring i praktisk sjekkelyrikk: «Eg trur eg har sett deg i ei Devold-reklame?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.