Musikk
Ukjend tyskar
Soga om «Beethovens Jena-Symfoni» syner musikken som merkevare.
Tittelbladet til Friedrich Witts (1770–1836) Symfoni nr. 2 i D-dur frå 1804.
Det var ein verdssensasjon då det i 1909 blei funne ein symfoni i universitetsbiblioteket i den tyske byen Jena med påskrifta Par Louis van Bethoven. Eit ungdomsarbeid av den fyrste store romantikaren, som synte korleis han på grunnlag av Haydns wienerklassiske standardverk eksperimenterte seg fram i denne tyngste greina innan klassisk orkestermusikk – slikt las ein i aviser og fagtidsskrift. Etter urframføringa i 1910 kom det i mellom- og etterkrigstida ei rekkje innspelingar under kvalitetspredikatet Beethoven.
Det er vanskeleg å ikkje tenkja på presentasjonen i førre veke av to orgelverk som no er tilskrivne den unge J.S. Bach, som blei nemnde i dei fleste storavisene internasjonalt. Men i 1957 kom sanninga om Beethovens «Jena-symfoni» for ein dag, då det i klosteret Göttweig i Austerrike blei funne ei partituravskrift som tilskreiv stykket ein ukjend tyskar ved namn Friedrich Witt.
Sekelskifte
Etter dette har symfonien blitt framført særs sjeldan. Soga kan tena som døme på at komponistnamnet ofte har meir å seia for den offentlege mottakinga enn dei ibuande kvalitetane ved sjølve verket. Kven var så denne Witt, som originalinstrumentorkesteret Kölner Akademie under leiing av amerikanaren Michael Alexander Willens no har spelt inn dei tre fyrste symfoniane til?
Sams med Beethoven har han i det minste fødselsåret 1770. Etter eit omflakkande liv som cellist dukka han opp i sørtyske Würzburg kring 1800 med ein Kantate til avslutning av det 18. hundreåret. Den regjerande fyrstebiskopen der må ha likt stykket, for han gjorde Witt til hoffkapellmeister, ei stilling han hadde fram til han døydde i 1836. Ved sida av mykje kammermusikk etterlét han seg 12 messetonesetjingar og 22 symfoniar.
Fin treblås
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.