JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Tynn toscansk suppe

Smaken av Toscana er feelgood som ikkje speler på dei riktige ingrediensane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjøkkensjefen Arturo (Marchioni) gjer samfunnsteneste på eit opplæringssenter og møter eleven (Fedele) som har smakssans utanom det vanlege.

Foto: Manymore AS

1704
20190118
1704
20190118

Komedie

Regi: Francesco Falaschi

Smaken av Toscana (Quanto Basta)

Med: Vinichio Marchioni, Luigi Fedele

Smaken av Toscana er, som den norske tittelen alluderer, ein kulinarisk film lagd til den italienske regionen med same namn. Her møter vi Arturo (Marchioni), ein respektert, men hissig kokk med ein valdsdom på CV-en. Han blir sett til å gjere samfunnsteneste på ein skule for tenåringar med Aspergers syndrom. Arturos lynne går først ikkje godt overeins med ungdommane, men éin elev, Guido (Fedele), merkjer seg ut med smakssansar utover det vanlege. Inspirert melder han seg på ei tevling for unge aspirerande kokkar. Motviljug blir Arturo med som mentor.

Arturos reise i filmen er føreseieleg. Han skal møte – og forsone seg – med ei brokete fortid. Han skal innsjå kva som er viktig i livet, og han skal kome ut som eit heilare menneske. Smaken av Toscana er feelgood til beinet. Humoren treffer likevel ikkje heilt, og rollefigurane er for underutvikla.

Framstillinga av Asperger generelt er litt vel karikert, men Fedeles jordnære tolking av Guido fungerer. Det er han som gir filmen eit ekstra (emosjonelt) gir når resten av plottet går på tomgang. Den manglande framdrifta, og det at dei små augeblikka undervegs verken er spesielt gripande eller vittige, gjer dette til tam underhaldning. Filmen hadde også hatt godt av meir matporno: scener med kutting og fresing av kjøt og grønsaker, akkompagnert av musikk. Ein rykande ribollita du siklar av. Smaken av Toscana har sånn sett ganske lite... smak.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis