Musikk
Trufast nymfe
Musikken er meir skjøneleg enn handlinga i Vivaldis gjetaropera.
Dobbeltalbumet er eit live-opptak frå tidlegmusikkfestivalen i Innsbruck i 2023.
Foto: Birgit Gufler
Kring 1730 var Antonio Vivaldi (1678–1741) ein kjend operaimpresario i Venezia. Om hårfargen til den prestevigsla komponisten framleis rettferdiggjorde aukenamnet «den raude presten», er usikkert, for han hadde alt runda dei femti. Men sjølv om helsa skranta – samtidige kjelder tala om at han var «tungpusta», noko som kan tyda på astma – arbeidde han med ubendig energi og makta å komponera tre operaer på fem månader.
Men både Vivaldi og heimbyen Venezia hadde på dette tidspunktet passert senit med tanke på kunstnarleg aktualitet og popularitet. Konkurranse kom både frå Napoli i sør og dei tyske kulturområda i nord, der komponistane hadde lagt seg til ein meir galant stil med lettare harmonikk og meir smeikjande melodikk enn den noko tungvorne, «seriøse» venetianske operatypen som blir kalla opera seria. Som fylgje av dette måtte Vivaldi i aukande grad leggja produksjonane sine til provinsbyar – i januar 1732 til Verona, der opninga av nytt teater blei feira med premiere på operaen La fida ninfa, «den trufaste nymfa».
Intrikat
På dette live-opp-taket frå tidlegmusikkfestivalen i Innsbruck framfører Barockorchester:Jung under leiing av Chiara Cattani denne relativt seine Vivaldi-operaen med eit ungt, men kapabelt solistensemble. To spalter i ei nynorskavis strekkjer ikkje til for å samanfatta denne lapskausen av ei handling, så fylgjande får halda: Me er på den greske øya Naxos i antikken, der gjetarar og nymfer rotar det til for seg gjennom allslags kjærleiksintrigar, og også gudar og piratar tek del. At dei to protagonistane har same namn, hjelper ikkje nett på. Musikken, derimot, den er skjøneleg. Sjølv om ariane er formalt konvensjonelle – me talar om såkalla dacapo-ariar i ABA-form – greier Vivaldi ofte med små, men verknadsfulle grep å gjera dei særprega.
I gjetaren Naretes store klagesong «Deh ti piega» (CD 1, spor 24), sungen med svalande tenorrøyst av Kieran White, utgjer fiolinstemma i grunnen berre ei lita trille med ein melodisk «hale», som effektivt uttrykkjer gjetarens smerte.
Beint fram genial er arien «Qual serpe tortuosa» (CD 2, spor 7) med kontratenoren Vojtěch Pelka, som byr på ein dobbel metafor med bibelreferanse: Gjetarsonen Osmino liknar kjærleikspinslene sine med ein slange som slyngjer seg kring ei trestamme, som Vivaldi i sin tur liknar musikalsk gjennom ein lynsnart buktande fiolinmelodi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.