Musikk

Trønderjazz anno 2026

Action Now er ein uforskamma god kvartett.

Frå venstre: Veslemøy Narvesen, Mats Gustafsson, Kit Downes og Nicolas Leitrø.
Publisert Sist oppdatert

Trioen Mats Gustafsson, Nicolas Leirtrø og Veslemøy Narvesen kunne ein sjå for seg ut frå tidlegare samarbeid, men at fjerde hjul på vogna skulle bli den engelske organisten og pianisten Kit Downes, hadde eg ikkje sett for meg. Etter å ha høyrt dobbel-LP-en er det berre å slå fast: Sjølvsagt måtte det bli han.

Leirtrø er ein raus orkesterleiar som gjev dei tre medmusikantane god plass og komponert materiale som profilerer dei sterkaste sidene deira. Det klanglege universet som Gustafsson og Downes skapar med barytonsaksofonen/tverrfløyta og orgelet, har ei djupn og ein detaljrikdom som blir stadig meir mangslungen for kvar ny gjennomspeling.

Også Narvesen får synt fram dei sterkaste sidene sine. Ho er ein utruleg musikalsk trommeslagar som gjennom dei fire platesidene heile vegen gjer det rette – anten i diskret tospann med Leirtrø eller i solostykket «Textures»». («Faint Screams» og «Soothing Shapes» er soloar frå høvesvis Gustafsson på fløyte og Downes på piano som til liks med Narvesen-soloen er apropos til tre av linoleumstrykka av Leirtrø som er attgjevne på omslaget.)

Heldigvis er Leirtrø så pass egoistisk at han på ei plate i eige namn gjev plass til «Shapes of Noise for Double Bass». Solostykket er ikkje berre ein fin kontrast til det andre stoffet, men ei fint strukturert utforsking av sider av kontrabassen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement