Musikk
Tonar av håp
Bergen Filharmoniske Orkester spelar Griegs sørgjemusikk.
«Han kom som en god Ånd på min Vej», skreiv Grieg om venen og inspiratoren Rikard Nordraak (1842–1866).
Foto: Bergen Offentlige Bibliotek
Bergen Filharmoniske Orkester (BFO), som bergensarane kallar «Harmonien», hadde i åra 1880 til 1882 byens store son Edvard Grieg (1843–1907) som dirigent. På denne plata spelar dei griegsk orkestermusikk frå fire tiår, under leiing av den tidlegare sjefdirigenten Edward Gardner.
Fyrst får me ei livleg tolking av Symfoniske danser, op. 64, som Grieg komponerte for firhendig klaver i 1898 og orkestrerte to år seinare. Dei fire satsane, som byggjer på folketonar som Ludvig Mathias Lindemann hadde samla inn, er vel noko av det mest suverene han skreiv for symfoniorkester. Særleg likar eg tolkinga av fjerdesatsen, den som opnar med ei overdådig – ja, eg er freista til å seia radbrekking – av «Såg du noko til kjerringa mi». Den herleg parodiske patosen mot midten, der Grieg på wagnersk vis legg folkevisa i munnstykket til unisone messingblåsarar, er kosteleg.
To dramatiske orkesterverk til tekstar av Bjørnstjerne Bjørnson fylgjer, fyrst Bergliot, op. 42 (1871/85), så Foran sydens kloster, op. 20 (1871). Mari Eriksmoens lyriske sopran i det sistnemnde fortener spesiell ros – sjølv om Griegs kjempetragiske patos her grip meg lite.
Meisterverk
Det eldste stykket er på sett og vis også er det yngste, nemleg Sørgemarsj over Rikard Nordraak, som er eit ektefølt meisterverk. Grieg skreiv det i Roma på berre to dagar etter at han våren 1866 hadde motteke bodskapen om at venen i Berlin var avliden, berre 23 år gamal.
Møtet med Nordraak, nasjonalsongkomponisten vår, var avgjerande for Griegs vending mot det nasjonale, den dei symfoniske dansane uttrykkjer. Dette innsåg han sjølv: «Vi hadede hensynsløst alt det Bestående og drømte os ind i en ny norsk-norsk-norsk-norsk Fremtid. Jeg ved blot at han kom som en god Ånd på min Vej, at jeg er ham uendelig Tak skyldig, og at jeg uden ham måske havde måttet kjæmpe, hvem ved hvorlænge, uden at finde mig selv», skreiv Grieg seinare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.