Til å bli skremd avGrøss og gruLars Mæhle:Død eller levande Samlaget Lars Mæhle er også aktuell med ein lettlesen grøssar for ungdom.
Lars Mæhle er også aktuell med ein lettlesen grøssar for ungdom. Død eller levande er ei av tre utgjevingar i serien Grøss og gru, så langt.
I denne boka møter vi tvillingane Simon og Katrin, som kan kome i kontakt med dei døde. Ein underleg mann bankar på døra og ber om hjelp til å finne dotter si. Ho forsvann for over 30 år sidan. Frå brakkene nede i Bekkadalen høyrer dei gjenferdet etter ein tysk soldat spele pianomusikk. Tvillingane veit at det betyr fare.
Skodde, vind og regn. Eit mørkt arkiv, ei gamal kro, ei krengande hengebru... Lars Mæhle malar fram eit miljø og ei stemning som er skummel i seg sjølv, og som gjev assosiasjonar til både filmar og forteljingar i skrekksjangeren.
Kartet på innsidepermen kjenner lesarane frå fantasybøkene, det gjer at teksten klarer seg med færre skildringar. At teksten er full av hint til annan litteratur, historie, film og musikk, er også med på å kompensere for få ord og korte setningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.