Tidvis magisk, men ujamn satirehistorikk
Tilbakeblikket på farleg kunst er visuelt sprekt, men teksten taper terreng.
Stykket byd på både skode- og dokkespelarar.
Foto: Erika Hebbert
Teater Innlandet / Theater Corpus
Knut Nærum og Tormod Lindgren:
Simplicissimus
Konsept, regi, scenografi, figur- og kostymedesign: Tormod Lindgren
Musikk: Maja S.K. Ratkje og gruppa POING
Det er sjølvsagt eit brennaktuelt konsept Teater Innlandet går inn for når dei presenterer ei framsyning med historisk tilbakeblikk på karikaturen og satiren som politisk våpen. Det satiriske tidsskriftet Simplicissimus i Berlin hadde alt tidleg i førre hundreåret ein markant profil i europeisk kulturliv. Mange av dei mest toneangivande forfattarane og kunstnarane bidrog der, og det var òg nordmenn med. Med tanke på kva som har hendt no i seinare år, er det jo mest som ein frys på ryggen over kor aktuelt det er. For – kor mykje lenger er vi komne?
Skode- og dokkespel
Allkunstnaren Tormod Lindgren, som òg har sitt eige figurteaterføretak, Theater Corpus, har lagt opp til ein avansert kombinasjon av figurteater og «mennesketeater». Figurane er paradoksalt nok sjelfulle, og teknisk imponerer alle dei medverkande med å kombinere skodespel og dokkespel.
Sjølve stykket er lagt opp nærast i Brecht-tradisjonen, med nøkternt ironiske spelesekvensar avbrotne av frontale songinnslag. Tekstane, som vi må rekne med stort sett er Knut Nærums, er gode og skarpe. Men diverre kjem dei sjeldan fullt ut til sin rett. Den reportasjeaktige dramaturgien krev i denne samanhangen litt for mykje av både aktørar og publikum, og det spektakulære vi ser på, tek i lange stunder luven frå innhaldet.
Pinocchio-effekt
I nokre av dei mest konkrete innslaga, der det handlar om lagnadene til gründeren Thomas Theodor Heine og den norske teiknaren Olaf Gulbransson, ser vi nerven i opplegget. Det vert ein nøkkelreplikk mot slutten, når fru Dagny Bjørnson Gulbransson (Ragni Halle) spør mannen sin, som trur han kan vere politisk nøytral som kunstnar: Har du teikna i blinde? Ser du ikkje dine eigne teikningar?
Det heilt magiske kjem først i dei aller siste sekvensane, der vi får nærlyset på Heine i nokre ettertenksame monologar, og der den mest nifst uttrykksfulle dokka Heine blir ført med ein sanseleg intensitet av Terje Ranes. Det er som ein Pinocchio-effekt, det er like før dokka slit seg laus og vert levande.
Fullt så sterk er ikkje framsyninga som eit heile. Men ho har som nemnt sine augneblinkar.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.