Sjølvmordaren Hedda lever vidare
Heftig spel framhevar det tidlause i 1890-talsklassikaren.
Ingrid Unnur Giæver spelar hovudrolla som Hedda Gabler.
Foto: L-P Lorentz
Riksteatret
Henrik Ibsen:
Hedda Gabler
Regi: Fredrik Longva
Scenografi: Katja Ebbel
Hedda Gabler er eit av dei oftast spelte Ibsen-stykka, og tittelrolla er ein ønskedraum for mange (kan hende dei fleste) kvinnelege skodespelarar. Om ein ikkje er fortruleg med det frå før, kan det nok ta litt tid å skjøne kva tilhøve som har skapt det destruktive i Heddas sinn og åtferd. Difor skal ein fare varleg fram med omsyn til strykingar, både av tekstpassasjar og persongalleri. Den framsyninga som no er på vegen med Riksteatret, har gjort nokre djerve grep med teksten. Dei kan diskuterast, men dei er ikkje uinteressante.
Scenebiletet er eit knallraudt venterom (?) som er sparsamt møblert. Det ser på sitt vis flott ut, men gjev samstundes eit litt desorienterande inntrykk. Er dette den erkeborgarlege heimen som Hedda skal keie seg så grueleg i? Skodespelarane må somme tider setje seg på golvet eller på huk når dei skal ta plass, av mangel på sofa og stolar. Alle personane utanom Hedda snakkar kvar sin breie dialekt. Berre ho nyttar polert bokmål. Om det er tilsikta, veit vi ikkje, men faktisk gjev dette ei differensiering i status, som hjelper oss på veg til å sjå både det overlegne og det einsame i Hedda som person. Så langt OK.
Indre naud
Bipersonane som er strokne frå originalen, tante Julle og tenestejenta Berte, er miljøforsterkande brikker som gjer det ufrie i Heddas levekår lettare forståeleg, og likeins verre å skjøne når dei er borte. Så her er spørsmålet: Kva er det med denne kvinnelagnaden regissøren har søkt å ljossetje som aktuelt for notida? Ei norsk kvinne har jo ikkje så avgrensa sjansar i samfunnet som dei kvinnene Ibsen skreiv om på 1800-talet. Men indre naud kan oppstå like fullt hjå oss velfødde folk i eit rikt land. Kan hende er problemet at alternativa er for mange?
Om vi ikkje vert heilt visse på tanken bak regiløysinga, ser vi likevel endå ein gong kor godt handterleg materiale Ibsen-rollene er for skodespelarane. Trass i at dialogane nokre gonger er skorne vel langt inn til beinet, har alle dei fem rollefigurane klår profil og ryggrad. Eivind Nilsen Salthe har som Brack ei spennande uro i seg bak ei slesk maske. John Emil Jørgensrud er ein overtydande undergangsdømd Løvborg. Kristine Hartgen er spontan og uforferda som Thea Elvsted, eit skarpt kvinnemotstykke til Hedda. Khalid Mahamoud har ein overraskande ro som Tesman, ikkje så barnsleg og professordistré som han ofte vert spelt som, men med eit servilt fråvær som og pregar Hedda.
Temperatur
Ingrid Unnur Giæver spelar Hedda med ein tydeleg desperasjon under ei stålkontrollert yte. Det mest overraskande grepet er scena der ho tilstår for Tesman å ha brent Løvborgs dyrebare manuskript. Til vanleg tolkar vi denne gjerninga som berre styrt av sjalusi og øydeleggingstrong, og som falsk smisking når ho hevdar å ha gjort det for Tesmans skuld. Men denne gongen får ho oss mest til å tru det er sant. Denne gongen seier ho reint ut, med tårer i augo, til mannen sin: Vi skal ha barn. (Dette seier ho berre indirekte i originalteksta.)
Noko tapt og noko vunne, det er ofte konklusjonen når ein ser nytolkingar av klassikarar. Men speletemperaturen er det inkje å utsetje på i Hedda Gabler på Riksteatret.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.