Shakespeare i dampbad
Hud og handklede gjev diverre ikkje denne komedien ny romantisk piff.
Henriette Faye-Schøll som Olivia og Mari Hauge Einbu som Viola.
Foto: Lars Opstad
Oslo Nye Teater
William Shakespeare:
Hva du Will (Helligtrekongersaften)
Omsett av Johannes K. Wiggen og Ilene Sørbøe, etter dansk omsetjing av Niels Brunse
Regi: Runar Hodne
Scenografi: Alva Brosten
Komponist: Sandra Kolstad
Twelfth night (som regel på norsk: Heilagtrekongarsaftan) er ein av Shakespeares mest populære og oftast spelte komediar. Stykket har ei pikant erotisk handling og mykje underfundig, vakker poesi i seg, så så langt er det ikkje rart at både teatermakarar og publikum er glade i det.
Utfordringar
Samstundes har det nokre illusjonsutfordringar som gjer det vanskeleg å spele som rein forviklingskomedie. Intrigen dreier seg rundt eit androgynt tvillingpar, mann og kvinne, som er så like at folk ikkje skil dei frå kvarandre, iallfall ikkje når kvinna kler seg ut som ein mann. Det kan ein mest aldri få til i bokstaveleg forstand på ei scene. Ein må difor plassere stykket på eit metanivå som publikum aksepterer. Nett det har ikkje Oslo Nye Teater fokusert på denne gongen. I staden har dei etter beste evne krydra stykket med publikumsfriande slapstick. Resultatet er diverre at Shakespeares lyriske erotikk kjempar merkbart for å overleve.
Scenografisk og kostymemessig er framsyninga plassert i eit spa, der dei fleste går rundt i badekåpe, nokre med og nokre utan underbukser. Rett nok treng ikkje Shakespeare vere særskilt konkret i stad- og tidstilvisingar, men persongalleriet lyt i det minste kunne markerast i status, så vi skjøner kven som er kven, og kva tilhøve dei har til einannan. Det tek det lang tid før vi skjøner, denne gongen.
Komisk tullball
Stykkets antihelt, tenaren Malvolio, er det tragiske motstykket til dei muntre, forelska unge. Men for at vi skal akseptere at denne personen vert narra og driten ut, bør vi først få sjå at han er blærete og sjølvoppteken og tåpeleg. Stine Feviks Malvolio er berre komisk tullball, og det vert berre stygt og grotesk at ho/han skal audmjukast og hivast ut. I det heile er dei «morosame» innslaga heller langt frå den klassiske komedien. I dei få stundene Shakespeare får ordet på eigne vegner, synest vi mest synd på skodespelarane – og ser kor bra dei kunne gjort dette i ein heilt annan setting.
Til sjuande og sist er det berre Henriette Faye-Schøll, i rolla som grevinne Olivia, som klarer å formidle ein studie av både glupsk erotikk og sårbar maktesløyse i møte med kjærleiken. Her ser vi både den smilande og den gråtande maska, scenekunstens evige vignett.
Elles vert vi òg imponert av Gunnar Eiriksson som narren Fest, som her mest vert ein frekk konferansier, både kroppsleg og songleg i fint kontrollert eleganse. Ikkje minst formidlar han framifrå Sandra Kolstads originalmusikk. Og den er nok eigentleg det beste ved denne teaterhendinga.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er berre Henriette Faye-Schøll som klarer å formidle både glupsk erotikk og sårbar maktesløyse.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.