Og kven er så idioten?
Sprutgalen Dostojevskij-variant går fort ut av kontroll – for åskodaren.
Ti skodespelarar står på scenen i Kilden Teaters versjon av eit av hovudverka til Fjodor Dostojevskij.
Foto: Lars Gunnar Liestøl
Kilden Teater
Fjodor Dostojevskij:
Idioten
Dramatisering og regi: Ole Johan Skjelbred
Basert på omsetjing av Geir Kjetsaa
Scenografi: Ole Johan Skjelbred og Ane Ledang Aasheim
Kostymedesign: Ane Ledang Aasheim
Dostojevskijs Idioten er ikkje verdas enklaste roman å lese. Har ein fyrst knekt koden med mylderet av personar med lange russiske namn, skal ein òg gjere seg kjent med mykje sjølvmotseiande utsegner og åtferd. Men boka har halde seg som ålment vedgåande litteratur i 150 år, og alt i 1912 kom den første norske dramatiseringa. Det handlar her om det idealistiske enkeltindividet i kamp mot det kalde storsamfunnet. Og nett det vert vi vel aldri ferdige med.
Stor showeffekt
Ole Johan Skjelbreds teaterversjon på Kilden Teater er ikkje noko historisk korrekt kostymedrama. Det hadde vi vel heller ikkje venta oss. Elles er det rett nok ei visuelt overveldande teaterhending, med enorme, draperte sceneteppe i gullamé og ytst spektakulære, karnevalistiske kostyme. Regien har stor showeffekt, og skodespelarane har teknisk perfeksjon både i røystbruk og kroppsspråk. Innsatsmessig kan ein godt la seg imponere. Så langt, så godt.
Men – der stoggar det òg. Vi er blitt lova at vi skal få sjå og høyre historia om den edle og kjenslevare fyrst Mysjkin og alle dei dekadente folka og triste hendingane han vert vikla inn i. Det vert mest hopp og vrikk og rop og skrik, med skodespelarar som snart er i éi rolle og snart i ei anna.
Eksaltert kaos
Her er det inga differensiering på korkje kjønn eller sosial status, og nokon psykologisk skilnad på personane er knapt mogleg å få auge på. I dette eksalterte kaoset er det heller ikkje lett å ta inn noka normal, kontinuerleg handling. Mykje er her openbert meint å vere morosamt. Eit danna premierepublikum skjøner jo dette, og på premieren var det mange tilløp til lått på dei «rette» stadene. Men bringar det Dostojevskijs ærend fram til oss?
Det som kan seiast om skodespelarane, er i grunnen alt sagt, og det skulle dermed ikkje vere naudsynt å framheve nokre framfor andre. Men etterpå sit vi ikkje att med noka oppfatning av kva korkje Fjodor Dostojevskij eller Kilden Teater ynskjer å eigentleg seie til oss. Teaterfølgjet mitt konkluderte etter teppefallet med at her var det scenografien som var det mest interessante.
Scenografien fekk hovudrolla denne gongen. Det er kan hende hyggeleg for scenografane å få høyre. Men det kan da vel ikkje ha vore det som var meininga?
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.