JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Nifst, men hysterisk morosamt

Dystopisk samtids­satire morar og svir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø spelar små kontoristar i eit gedigent våpenfirma.

Foto: Dag Jenssen

2560
20230310
2560
20230310

Det Norske Teatret, Scene 3

Nis-Momme Stockmann:

Det såkalla heisstykket

Omsett av Astrid Sverresdotter Dypvik
Regi: Peer Perez Øian
Scenografi, kostyme og teiknar: Katarina Caspersen

Det er fint å kunne ta imot ny dramatikk som er både velsnikra og meiningsfull. Ut frå førehandsomtalene av Det såkalla heisstykket, eit oppsett med to herrar som er på veg til eit møte dei ikkje veit kva inneber, og så stoggar dei i heisen, tja, det kan jo fort få tankane til å fly til både Kafka og Beckett og andre. Men vi merkar snart at dette er teater som står på eigne bein.

Dei to herrane, spela av Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø, er plasserte i ein scenografi som berre varleg rissar opp det innestengde rommet, mot ein vegg med stendig skiftande, rørleg grafikk, og mot ein tredje skodespelar (Ellen Birgitte Winther), stasa opp som ei blanding av selskapsvertinne og diskjockey, som kommenterer handlinga frå utsida og stundvis «høyrespelar» bipersonar utanfor heisfengselet.

Maktkamp

Dei to er i utgangspunktet både yrkesstolte og altfor forfengelege til å få panikk, men det er typisk at dei møter den usikre og trugande situasjonen med å gå i maktkamp mot kvarandre. I underteksten på dei finurlege dialogane konfronterer dei kvarandre – og oss – med omgrepa ansvar og ansvarsløyse.

Dei jobbar som små kontoristar i eit gedigent våpenfirma, men er berre opptekne av sin eigen karriere, ikkje av kva industri dei bidreg til. Komiske og provoserande er òg meldingane dei to får over høgtalar frå sjefskontoret: inga trøyst, ingen hjelpetiltak, men berre kjeft og nye ordrar.

Herrane vert meir og meir desperate. Den eine skader seg og kan ikkje stanse blodet av di han er blødar, den andre vert akutt trengande og bæsjar til slutt på golvet. Mot slutten slåst dei og går inn for å drepe kvarandre for å vere åleine om å bruke opp oksygenet.

Glitrande innsats

Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø gjer glitrande innsats i rollene. Dei held oss heile tida i spenn mellom det ukomfortable og det spinngalne komiske. Intenst til stades er òg Ellen Birgitte Winther i «utanfor»-rolla, sjølv om denne funksjonen i stykket til tider kan verte litt for overtydeleg forklarande. Sluttsekvensen er noko for langdryg. Når vi skjøner korleis dette skal ende, varer stykket enno i tjue minutt.

Men i alt vesentleg er dette ei sterk, strålande framsyning. Trass i mykje ubehageleg ettertanke er vi glade når vi går ut av salen.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis