Teater

Migrasjon – eksplosjon

Stykket om kvardagsrasisme er performativt sterkt, men går for lenge i femte gir.

Evelyn Rasmussen Osazuwa, Seda Witt og Selome Emnetu står på scena i det nyskrivne stykket.
Evelyn Rasmussen Osazuwa, Seda Witt og Selome Emnetu står på scena i det nyskrivne stykket.
Publisert

At eit teaterstykke ikkje nødvendigvis er eit skodespel med rollefigurar og framskridande handling lenger, sjå, det får vi vel snart avfinne oss med. Eit tradisjonelt skodespel er i alle høve ikkje dette nye stykket av Camara Lundestad Joof, den nye husdramatikaren på Nationaltheatret.

Den runde scena på Torshovteateret er denne gongen utstyrt som ein slags nonfigurativ showarena, dominert av eit stoffleg, kongeblått fossefall, eigentleg enorme trådpompongar. Dei tre kvinnelege skodespelarane er iført lekre, spektakulære kostyme med svarte sirklar i mønstera. Overgangane i handlinga, i den grad det finst handling, vert markerte av raffinerte lysverknader.

Konflikt og dilemma

I denne innramminga speler dei tre unge damene ut konfliktar og ulike dilemma ved å vere ikkje-kvit nordmann, eller nordkvinne, då, i eit samfunn som tilsynelatande er inkluderande.

Det heile opnar med ein sterkt utagerande monolog frå Selome Emnetu, der ho luftar ut frustrasjonane over å vere omgjeven av inkompetanse i samanhengar der det tydelegvis er forventa at ein skal vere audmjuk, smilande og nikkande. Denne byrjinga er fantastisk, både tekstleg og performativt, og ho lovar mykje.

Tæl og temperament

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement