JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Ibsen i juridisk tilbakeblikk

Bye byr på skarpt nytt spel på velkjent grunnlag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ola Otnes spelar Gamle Ekdahl.

Ola Otnes spelar Gamle Ekdahl.

Foto: Dag Jenssen

Ola Otnes spelar Gamle Ekdahl.

Ola Otnes spelar Gamle Ekdahl.

Foto: Dag Jenssen

2895
20200306
2895
20200306

Teater Ibsen

Ibsen / Bye:

Vildanden – et rettsdrama

Eit stykke av Thomas Bye etter eit drama av Henrik Ibsen
Regi: Moqi Simon Trolin
Scenografi / kostyme: Benjamin la Cour

Ein vert nok aldri ferdig med å tenkje på korleis ein kan halde Ibsen i akt og ære utan å berre repetere det ein har sett før. Mange er kalla til å forsøke seg, og resultata er av blanda kvalitet. Trass i eviggyldig tematikk og konfliktstoff kan nok tids- og miljøkoloritten i originaltekstane verke noko kneblande – av og til. Skulle ein kan hende berre halde på grunnplotet og skrive eit nytt stykke? Ja, har Teater Ibsen tenkt. Og med Vildanden ­– et rettsdrama er det nett det dei har gjort, med forbløffande effekt.

I dette villanddramaet vert heile handlinga fortalt retrospektivt, med andre ord endå meir ibsensk enn hjå Ibsen sjølv. Stykket går føre seg i retten, der rettslege avhøyr tvinnar heile den raude tråden. Utgangspunktet er ein tiltale mot Gregers Werle, som skal dømast eller ikkje dømast for å ha forårsaka sjølvmordet til unge Hedvig. I tillegg til Gregers sjølv vert alle nøkkelpersonane frå originaldramaet innkalla for å forklare seg, og slik får vi altså heile historia fortald på ein ny måte, med bitar og brokkar av dei ibsenske dialogane, men først og fremst i ny tekst. Og den heilt avgjerande hovudpersonen, Hedvig, er sjølvsagt ikkje lenger til stades.

Framsyninga er i regi og scenografi lagt opp til å likne ein rettssak til eit visst punkt, men har òg heile tida eit surrealistisk preg, mest på same måte som draumar kan kombinere det naturlege med det totalt meiningslause. Personane til Ibsen kjem like fullt fram med sitt, minst like kraftfullt som dei plar. Den store skilnaden i høve til Ibsen-stykket er sjølvsagt at vi møter dei etter katastrofen, ikkje før han eller undervegs, som hjå Ibsen. Det set eit totalt annleis preg på karakterane.

Denne teaterhendinga har i tillegg eit originalt ekstramoment: Ti privatpersonar, ein lekmannsjury, er innkalla frå publikum/ålmenta for på slutten av stykket å stemme over skuldspørsmålet. Etter prøveframsyningar og premiere er det visst alt klårt at resultatet vert høgst ulikt frå kveld til kveld. Det kan ensemblet ta som ein fjør i hatten, og som eit prov på at dei har meistra å framstille eit komplekst problem frå mange sider. Skodespelarane er flotte, og ein skulle gjerne nemne alle ved namn, men den som kan hende aller mest markerer seg, med ei tolking som skil seg frå den vi er vane med frå «originalen», er Ola Otnes som gamle Ekdal. Ein sterk og skakande prestasjon.

Men etterpå er det likevel ikkje fritt for at ein tenkjer: Sjølvmord er no eingong ei gjerning gjort av den døde sjølv. Skuldar ein andre for det, er det ikkje lenger sjølvmord. Då er det faktisk mord.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis