Teater
I limboland med far, mor og barn
Noréns dramatiske epilog får ei spartansk og mørk oppsetjing.
Bobo Hedin (t.v.), Liv Bernhoft Osa og Kai Remlov på scena.
Foto: Øyvind Eide
Det er påfallande, når ein fyrst kjem på det, kor mykje Lars Noréns siste stykke har til felles med Henrik Ibsens sluttstrek, Når vi døde vågner. Handlinga i båe stykka er som ein slags dom over livet til dramatikaren, og i form har båe stykka ein nær surrealistisk struktur. Det er eit tydelig brot med den tidlegare verkskatalogen til både Ibsen og Norén.
I denne tette einaktaren Etter stillheten vert personane og dialogane deira forvirrande til å byrje med, av di det tek ei stund før vi merkar at dette er hinsides røynd. Dette er faktisk på eggen mellom draum og vake; her snakkar levande og daude saman, og nokre av personane er kan hende ikkje «verkelege».
Skal vi vere ærlege, må vi vel vedgå at vi tykkjer Norén har gjenteke seg sjølv vel mykje i val av tema. Det er gjerne ekteskaps- og familiehelvetet som skal løftast fram. Han får likevel mest alltid fascinerande rollefigurar ut av stoffet – og god mat for skodespelarar.
Nationaltheatret har òg sett gode krefter inn med Kai Remlov, Fridtjof Saaheim, Liv Bernhoft Osa, Birgitte Larsen og ein uttrykksfull liten gut, Bobo Hedin. Særleg Remlov har her ei paradoksalt resignert, men kraftfull stund som ein bitter, kverulerande far.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.