Gode synsinntrykk, men ingen hjartebank
Scenisk eleganse er ikkje nok til å få fram Vesaas’ sjelenaud
og undring.
Gjertrud Jynge spelar Hege og Christian Ruud Kallum Mattis i framsyninga på Det Norske Teatret.
Foto: Erik Berg
Det Norske Teatret
Tarjei Vesaas:
Fuglane
Dramatisering/regi: Luc Perceval
Scenografi: Anette Kurz
Komponist og lyddesignar: Rainer Süssmilch
Det er vel ingen som heilt har greidd å setje fingeren på kva som gjorde Tarjei Vesaas til ein av dei største diktarane våre, også internasjonalt. Han er ikkje ein spesielt ekstrovert forteljar. Det mest dragande ved han må ofte lesast mellom linene. Så kan ein gjerne undre seg kva det kjem av, at han så ofte skal dramatiserast og filmatiserast. I kva for grad kan eigentleg verka hans visualiserast gjennom andre sine auge?
Fuglane, ein av dei mest lesne romanane hans, kom i ein no legendarisk sceneversjon på Det Norske Teatret for 25 år sidan. Fleire teater har gripe til verket sidan. Og jau, kan hende er nett denne boka av Vesaas den som ligg mest naturleg til rette for skodespel. Her er god dialog og tydelege typar. Men samstundes er forfattaren seg sjølv lik. Her er mykje løyndomsfullt og diffust bakom det heile. Skal ein då konkretisere historia om Mattis – eller berre gå lenger inn i skodda?
Lågmælt og dvelande
Belgiske Luc Perceval, som sist fekk stor åtgaum for dramatiseringa av Trilogien av Jon Fosse på Det Norske Teatret, har no levert ein ny versjon av Fuglane på same scene. Her er det for så vidt detaljar som ein kan kjenne regissøren att i frå sist, mellom anna i ei lågmælt og dvelande tekstframføring, men mykje meir enn sist er Fuglane ei gjennomført plastisk framsyning, mest i grenselandet mellom taleteater og danseteater.
Innsatsmessig er det utan tvil ei flott teaterhending, og Christian Ruud Kallum som Mattis gjer ein både teknisk sprek og kjenslemessig ærleg skapnad av denne rare, inntakande mannen. Gjertrud Jynge spelar systera Hege, og trass i mange vel stiliserte opptrinn gjer også ho eit oppriktig rolleportrett.
Karikerte lynglimt
Resten av ensemblet er stort sett sette til å framstille karikerte lynglimt av bipersonar, og vi vert vel eigentleg meir visuelt imponerte enn heilt overtydde av det dei gjer. Og merkeleg nok, i eit scenebilete dominert av hengjande kvite, papirliknande grantre, vert vi aldri direkte rørte av Mattis og historia hans denne gongen. Det biletleg symbolske drar på eit vis Vesaas berre lenger inn i skogen heller enn å løfte han fram til oss.
I programheftet er det hevda at Vesaas aldri heilt lukkast med å skrive dramatikk, med unnatak av klassikaren Bleikeplassen, som gjekk ein lang veg frå skodespel til roman og til skodespel att. Det stykket har til gjengjeld fascinert publikum i mange tiår. Kan hende ville teateret ha heidra diktaren betre med det, enno i dag.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.