Flukt i universet
Sceneversjonen av Harry Martinsons dikt vert distansert teater.
Dei fire skodespelarane, f.v. Birgitte Larsen, Herman Bernhoft, Ellen Horn og Håkon Ramstad, har varme og nærvær.
Foto: Nationaltheatret
Nationaltheatret / Torshovteateret
Harry Martinson:
Aniara
Bygd på ei omsetjing av Espen Stueland og Johann Grip
Regi: Tatu Hämäläinen
Scenografi, kostyme, lyddesign: Chrisander Brun
Komponist: Ingvild Langaard
Det er mykje å hente i sjangeren science fiction, både av litteratur og film. Det er ein sjanger som framleis kjennest som ny, sjølv om det her alt er mange klassikarar. Kor bra denne sjangeren fungerer som teater, kan nok diskuterast. Torshovteaterets siste prosjekt, i ein rad av sci-fi-stykke, er ikkje eintydig overtydande i så måte. Det er Harry Martinsons diktsyklus Aniara frå 1954 som er utgangspunktet denne gongen. Tusenvis av menneske er i eit kjemperomskip på veg til Mars, bort frå jorda, som er øydelagd. Men romskipet kjem ut av bane og går inn i ein evigvarande romrute. Menneska er fanga i eit avgrensa område, på ei reise utan slutt.
Interaktiv dialog
Framsyninga har teke utgangspunkt i eit lite utval av dikta til Martinson. Stykket tek til med ei instruktiv kursinnleiing frå skodespelarane om kva vi skal få sjå, og i interaktiv dialog med publikum. Den uhøgtidelege innleiinga er ein god og truleg naudsynt startmotor, for det vi får etterpå, er surrealistisk, springande og ofte i distraherande kollisjon mellom det visuelle og det verbale. Scenerommet er dominert av ti store, svarte, kulerunde gassballongar som først struttar på golvet, og som etter kvart vert sende i taket. Det kan vel sjåast som eit bilete på det ukontrollerbare i det å vere vektlaus, som ein jo må bli i verdsrommet. I det heile er rommet, og også skodespelarane, kledde i ganske grelle svartkvittkontrastar.
Uforståelege effektar
Dei tilmålte utdraga vi får av dikta til Martinson, er fine og tankemanande, og dei vert framføre med ettertenksam varsemd. Men i staden for å la oss tygge på dei, lèt ein her framsyninga fabulere fritt vidare på dei, og mykje av teaterhendinga endar i kvasiintellektuelle diskusjonar skodespelarane imellom, pluss ein del heller uforståelege performanceeffektar. Her er for så vidt mange plastisk fine regiløysingar, og skodespelarane Ellen Horn, Birgitte Larsen, Håkon Ramstad og Herman Bernhoft har varme og nærvær nok til at vi fylgjer dei med interesse til siste stopp. Men når stykket er slutt, er det lett å tenke at her er det ressursar og menneske som kunne vore brukte betre.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den uhøgtidelege innleiinga er ein god og truleg naudsynt startmotor, for det vi får etterpå, er surrealistisk.
Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.