Ein tankevekkjar for oss alle
Thorvald Steen skriv sterkt og stillferdig om livet med kromosomfeil.
Marko Kanic spelar hovudrolla i stykket som tek opp spørsmål om skam, teiing og ærlegdom.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Rogaland Teater, Teaterhallen
Thorvald Steen:
Det siste fotografiet
Dramatisering, regi og scenografi: Anders T. Andersen
Kostyme: Kari Helene Gryte
I romanane Det kvite badehuset (2017) og Det siste fotografiet (2019) har forfattaren Thorvald Steen gått tett inn på sitt eige liv og den nære familien, muskelsjukdommen sin og skamma somme av dei næraste har kjent på som følgje av denne. I Anders T. Andersens dramatisering og regi har det blitt ei fin og velspelt framsyning som ikkje berre kastar lys over sjukdommen, som er alvorleg nok i seg sjølv, men som tek opp viktige sosiale og eksistensielle spørsmål knytte til han. Ein tankevekkjar for alle med enkle meiningar om sorteringssamfunnet.
Fungerer godt
Den dramaturgiske løysinga er enkel, men fungerer godt. Dette er dialog- og forteljeteater med innslag av dramatisering, der forteljinga heile tida flyttar seg mellom fleire røyster. Hovudpersonen sjølv (Marko Kanic) sit i rullestol. Rundt seg har han dottera (Mari Strand Ferstad), legen (Even Stormoen) og fetteren (Espen Hana) han i mange år ikkje ante at han hadde. Etter kvart kjem også mora (Kirsten Hofseth) på scenen, og svært, svært motvillig bidreg ho til at vi skjønar meir om kvifor den arvelege sjukdommen helst ikkje skulle snakkast om.
Eit høgdepunkt er scenen der dottera, som alt har fått sjukdommen, litt nølande fortel faren at ho er gravid. Dette er jenta som ti år gammal, då faren spurde om ho ville ønskt at han skulle ta ei vedunderpille mot sjukdommen, om ein slik hadde funnest, svara at det ville ho ikkje, for då ville han ikkje lenger vere den faren ho kjende og var glad i. Sterkt og klokt, som mykje i denne sceneversjonen.
Ein sjukdom
Sjølv om framsyninga gir eit godt konsentrat av dei to bøkene, og sjølv om ho har mange kvalitetar, melder likevel eit spørsmål seg: Er det naudsynt å lage teater av to lett tilgjengelege, leseverdige romanar som med endå større djupn syner fram denne problematikken? Dramatisering av romanar, nye og eldre, er blitt ein sjukdom i norsk teater, og aukar i omfang år for år. Kan det verkeleg vere så smått med anna dramatisk råstoff at teatersjefane og dramaturgane stadig oftare må ty til slike løysingar?
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.